Aktuelt

Nettsidene for kommunereformen tilbyr ei sjekkliste for kommunane som skal gjennom samanslåingsprosessen
08.04.2016
Kartverket har lansert ny ressursside om kommunereformen.
01.04.2016
Det er etablert ei oppreisningsordning for tidlegare barnevernsbarn som har vore utsatt for omsorgssvikt eller overgrep i institusjon som barneheim, skoleheim, spesialskole eller liknande. Dette gjeld personar som har vorte plassert der av ein kommune som er med i oppreisningsordninga i tida før 01.01.1993. Plasseringar i fosterheim og private plasseringar i barne- og skoleheimar fell utanfor ordninga. Arkivdokumentasjon vil spele ei viktig rolle i desse sakene.
Kurshaldar Ole Stian Hovland og nokre av kursdeltakarne. Foto: Guro Flø, IKAMR.
04.03.2016
Onsdag 2. og torsdag 3. mars arrangerte IKAMR Arkivplan.no-kurs ved fylkeshuset i Molde.
Kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland (H) Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.
03.03.2016
Den organiseringa Arkivverket har i dag er ikkje tenleg for å møte dei utfordringane etaten står overfor, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding 29.02.2016.
Frå NRK Møre og Romsdal sine nettsider.
26.02.2016
NRK var på besøk hjå IKAMR torsdag 25. februar. Der fekk dei eit lite innblikk i kvardagen til ein arkivar.
Kommunekartet over Møre og Romsdal, teikna i 1952. Då var det 69 kommunar i fylket. Det er verd å merke seg at kommunestrukturen ber preg av at sjøen var mykje viktigare enn landevegen som transportåre. Difor var det naturleg at ein kommune låg på begge sider av ein fjord. Sjå også Smøla som då var tre kommunar.
19.02.2016
I 2014 var det 50 år sidan den siste store kommunesamanslåinga. No, 50 år etter, er ein ny på gang. Korleis blir kommunekartet frå 2020?
Stordal kommune, ved Randi Vestre og Robert Møller, avleverte 4 hyllemeter med personregister. Her saman med Kristian Hove, IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
15.02.2016
To kommunar, Giske og Stordal, har avlevert 10 hyllemeter til saman. Frå Sunnmørsheimen, tidlegare Sunnmøre barneheim, har vi fått inn 2,5 hyllemeter. Neste avleveringsveke ved IKAMR er veke 15: 11.-15.april.
Ein blid gjeng på omvisning i magasinet. Frå venstre: Eirik Jenssen, Kari Rundmo, Åge Brekk, Åsta Vadset og Dan Velle. Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR.
12.02.2016
I dag har IKAMR hatt besøk av og møte med Sekretariatet for Oppreisningsutvalet for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal.
Kjell Arne Valldal, Norddal kommune, og Kristian Hove, IKAMR, sørger for at flyttekassene med avslutta legejournalar osb kjem i magasin ved IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
05.02.2016
Idag mottok IKAMR legearkiv frå Norddal kommune. Materialet skal ordnast, registrerast og etiketterast av oss.
Illustrasjonsfoto: henta frå www.arkivverket.no
13.01.2016
Riksarkivet har publisert del 1 av rettleiaren i samband med kommunereforma

Sider