Aktuelt

Bilde lånt frå Arkivplan.no
02.01.2017
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal inviterer til arkivplandagar 17. og 18. januar på fylkeshuset i Molde.
Foto: Werner Anderson.
20.12.2016
IKA Møre og Romsdal, Kulturnett, FylkesFOTOarkivet og SEDAK takkar for det gode samarbeidet i året som har gått.
Arkivleiar i Sykkylven kommune, Tove Lilleås, er nøgd med å få avlevert til IKAMR. Her saman med Kristian Hove og Guro Flø, IKAMR. Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR.
19.12.2016
Fleire aktørar har i denne siste avleveringsveka før 2017 deponert arkiv til IKAMR.
Fullt hus under føredraget til Aud Farstad. Foto: Ragnar Albertsen, FylkesFOTOarkivet.
14.11.2016
Kring heile Noreg vert det årleg arrangert arkivdag den andre helga i november. Temaet for årets arkivdag var «Då klokka klang», noko som får mange av oss til å tenke på sangen med same namn, skrive av Margrethe Munthe på byrjinga av 1900-talet. Skulehistoria i Ålesund vart dermed fokus for årets arkivdag. Arrangementet var ein suksess med om lag 70 besøkande.
08.11.2016
Laurdag 12. november opnar IKAMR dørene for publikum i høve Arkivdagen 2016. Vi byr på eit spanande program mellom kl 11.30 og 15.00!
Hanne Rekdal Aasen, elev ved Fagerlia videregående skole. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
04.11.2016
På fredag hadde vi to elevar frå Fagerlia videregående skole på OD-dag ved IKAMR. I år skal årets OD-prosjekt bidra til å styrke ungdom i Colombia.
Illustrasjonsfoto: Åsta Vadset, IKAMR.
21.10.2016
IKAMR har kvart år faste veker der vi tek imot arkivmateriale frå eigarane våre. I 2017 vil dette bli i vekene: 7, 17, 24, 34, 42 og 50.
Jens Sætran, Sætran transport, som kom med avleveringa frå Smøla kommune, i samarbeid med Sølvi Knudsen ved IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
21.10.2016
Dei to siste vekene er det avlevert 56,5 hyllemeter med arkiv til IKAMR.
Illustrasjonsfoto: Romsdalsmuseet.
17.10.2016
Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert ei oppreisningsordning for barn og unge som etter 23. august 1960 var innlagt, av helserådet i ei av kommunane i Møre og Romsdal, på Reknes barnesanatorium eller anna sjukehus for behandling av sjukdom med grunnlag i tuberkulose etter tuberkuloselovens § 6.
Her blir teikninga av det første offshorefartøyet på Sunnmøre, Rig Pilot, avfotografert ved Fylkessenter for Digitalisering av kulturarven (SEDAK). Frå venstre: Ingebrigt Holst-Dyrnes (leiar i Næringshistorisk forening), Gunnar O. Morsund (prosjektkoordinator, Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal, IKAMR), Zane Aboltina (fotograf, SEDAK) og Ottar Andre Breivik Anderson (leiar/fotograf, SEDAK). Foto: Sunnmørsposten.
11.10.2016
I Sunnmørsposten laurdag 8. oktober kunne ein lese ei flott reportasje om Designselskapet Fiskarstrand og Eldøy. Skipsteikningane frå bedriftsarkivet er digitaliserte ved SEDAK.

Sider