Aktuelt

07.01.2016
Invitasjon til eindagskurs i Arkivplan.no
Brosundet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
04.01.2016
Årets Kontaktkonferanse vert arrangert i Ålesund 31. mai - 1. juni, ved Scandic Parken.
18.12.2015
Arkivforskrifta §2-6 har no fått eit tillegg som gjer det klart at dokument i saker om innsyn i utgangspunktet ikkje er omfatta av journalføringsplikta.
Ein nøygd arkivleiar i Aukra kommune, Kari Johanne Todal, etter avlevering. Her saman med rådgjevar Guro Flø. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
11.12.2015
Denne avleveringsveka har vi fått inn arkiv frå fem kommunar. Aukra, Ørsta, Fræna, Vestnes og Giske har til saman avlevert 85 hm med arkiv.
08.12.2015
Dagleg leiar ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal, Geir Håvard Ellingseter, har saman med 5 andre leiarar av kommunale arkivinstitusjonar skrive eit debattinnlegg som tek føre seg omorganiseringa av Arkivverket.
Ein munter gjeng, etter omvisning ved fylkesfotoarkivar Ragnar Albertsen. Foto: Ottar Andre Breivik Anderson, SEDAK.
04.12.2015
Fredag 4. desember var statsarkivar Astrid Løvlien og rådgjevar Kari Remseth på besøk hjå oss. Tema for dagen var tilsyn.
Det jobbast med liming av etikettar i Vestnes kommune. Foto: Silje Sylte, Vestnes kommune.
04.12.2015
Om få dagar, i veke 50, er det avleveringsveke ved IKAMR. I mange av kommunearkiva over heile fylket er det no nesten nissens verkstad. Det vert pakka og skrive merkelappar og limt over ein lav sko. No gler vi oss til å ta imot arkivpakkane frå dei som skal avlevere. Gledeleg adventstid!
Frå avleveringsveke ved IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
17.11.2015
IKAMR har kvart år faste veker der vi tek imot arkivmateriale frå eigarane våre. I 2016 vil dette bli i vekene: 6, 15, 24, 34, 42 og 50.
Frå føredraget til Per Ole Reite om "Sunnmørske koloniføretak i Sør-Afrika". Foto: Werner Anderson.
16.11.2015
Laurdag 14. november opna vi dørene for publikum på årets Arkivdag. Drøyt 100 personar var innom oss. Ein veldig kjekk dag!
Brevhode på eit av breva Søren Johan Hansen skreiv frå slagmarka, 1862. Funne i arkivet etter Veøy kommune.
11.11.2015
Menneskesoga vert skapt ved at mennesket er i bevegelse. Det som er mest illustrerande her er dei store utvandringane, dei er svært opprivande og dei ber ofte bod om ei større endring.

Sider