26.06.2019

Om IKA

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit eige selskap (IKS) som vart starta i april 2000.

IKA Møre og Romsdal er eigd av fylkeskommunen og alle kommunane i fylket, samt Rindal i Trøndelag.

IKA Møre og Romsdal arbeider med problemstillingar knytte til kommunane si dokumenthandtering. I tillegg ligg dei fylkeskommunale tenestene privatarkivordninga, Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK), FylkesFOTOarkivet og Kulturnett Møre og Romsdal hos oss.

Vi har hovudkontor i sentrum av Ålesund.

Sjå vedlagd selskapsavtale for meir informasjon.