25.06.2014

Om arbeidet med privatarkiv

Nærbilde av to personar sine hender iført hanskar, som ser på dokument i ein bunke med større dokument, armen nærast fotograf held oppe den store bunken

I selskapsavtalen til IKAMR står det at «Selskapet skal vere ein bidragsytar i problemstillingar knytt til private arkiv».

I 2017 vart IKAMR utnemnt av Riksarkivaren, via Møre og Romsdal fylkeskommune, som fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet. Dette inneber at vi skal koordinere arbeidet med privatarkiv, gi arkivfagleg rettleiing og delta i det nasjonale nettverket for fylkeskoordinerande ledd. 

Institusjonar og ressursar på privatarkivfeltet

Per i dag har 21 av eigarkommunane våre meldt seg inn i privatarkivordninga.

Desse kommunane er: Aukra, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Hustadvika, Rauma, Sande, Sandøy (Ålesund), Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Medlemskap i ordninga inneber at privatarkiv frå desse kommunane vert ordna og registrert, oppbevart etter forskrift og arkivliste publisert på Arkivportalen. 
Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste der ein finn informasjon om kva historiske arkiv som er bevarte i Noreg. På denne måten vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast.

Innsyn i dei private arkiva vert gjort etter offentleg regelverk. Materialet kan ein, på same måte som med dei kommunale arkiva, få tilgang til ved lesesalen vår.

Dei siste åra har privatarkivordninga gjennomført to ordningsprosjekt som vi har mottatt arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket for å jobbe med: 

  • Tingvoll Ullvarefabrikk og Tingvoll Tekstilarbeiderforening
  • Sanitetsarkivprosjektet i Møre og Romsdal 

At akkurat desse arkiva et valde ut er basert på bevaringsplanen for private arkiv, der to av satsingsområda er definert som tekstil og konfeksjon og arkiv frå lag og organisasjonar.

Vi arbeider no med revidering av bevaringsplanen saman med dei andre privatarkivaktørane i fylket: regionmusea, historielaga og lokalarkiv. Arbeidet er finansiert av arkivutviklingsmidlar. 

Elles samarbeider vi med Møre og Romsdal idrettskrets og Romsdalsmuseet om å få bevart arkiva etter idrettslaga i fylket. Også dette prosjektet skal gjennomførast ved hjelp av tildelte midlar frå Arkivverket, men er sett på vent til 2024.

For spørsmål om privatarkiv, ta kontakt med rådgjevar Åsta Vadset:

tlf: 408 54 153
e-post: asta.vadset@ikamr.no.