Tilsette

Andri Jónsson, rådgjevar
Epost: andri.jonsson@ikamr.no
Telefon:
469 34 391
Andri jobbar med rådgjeving og behandling av innsynsførespurnadar frå kommunar og privatpersonar. Han er utdanna historikar med mastergrad frå NTNU i Trondheim og har studert historie og museumsstudiar ved Universitetet på Island. Tidlegare har han jobba i museumsbransjen og i bokbransjen og på fritida driv han med grafisk design når han ikkje er saman med familien.
Anette Helen Valderhaug, konsulent
Epost: anette.valderhaug@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Anette jobbar med digitalisering av byggesakar. Ho har studert språk og litteratur i Bergen og Volda, og har tidlegare jobba i bibliotek. Elles likar ho bøker og musikk og har i fleire år drive med digital kunst.
Annelen Kirkhorn Melsåsen, konsulent
Epost: annelen.melsaasen@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Annelen vart tilsett i april 2018 og jobbar med med digitalisering av byggesaksarkiv. Dette gjorde ho også i 2016. Annelen har studert økonomi og administrasjon ved NTNU Ålesund og har også jobba i tingretten tidlegare. På fritida er ho glad i å trene og gå i fjellet, samt besøke familie og venner i heimstaden Hornindal. Ellers likar ho å reise og besøke nye stader i verda saman med sambuaren sin.
Geir Håvard Ellingseter, dagleg leiar
Epost: geir.havard.ellingseter@ikamr.no
Telefon:
971 50 011
Geir Håvard er utdanna bibliotekar frå Høgskolen i Oslo. Han har jobba for ErgoGroup (no EVRY) og Tieto med sak- arkivsystem, og vore arkivleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei årrekke.
Gunnar Morsund, konsulent
Epost: gunnar.morsund@ikamr.no
Telefon:
948 43 024
Gunnar er Cand. Polit. med historie hovudfag, bedriftsøkonom BI, jus og stats- og kommunalkunnskap. Han har vore tilsett ved IKA frå 2007. Tidlegare har han arbeidd i NAVTrygdeetaten, Selje kommune, SV, Norsk Studentunion, Noregs Ungdomslag og som lærar.
Guro Flø, rådgjevar
Epost: guro.flo@ikamr.no
Telefon:
976 29 265
Guro har ansvar for rettleiing, ordning, registrering og formidling av eldre arkiv og personregister hjå IKA Møre og Romsdal. Ho har arbeidd med arkiv ved norsk utenriksstasjon, fylkeskommune og høgskule, og har elles allsidig erfaring frå arbeidslivet. På fritida går ho i fjellet, tek bilete, strikkar på frihand og er glad i gamle ting.
Henrik Gullaker, personvernombud
Epost: henrik.gullaker@ikamr.no
Telefon:
412 62 364
Henrik jobber som personvernombud. Han har en master i rettsvitenskap fra Universitetet i Oslo. Masteroppgaven omhandlet en komparativ analyse av det ekstraterritorielle virkeområdet til det gamle personverndirektivet og den nye personvernforordningen.
Håkon Wille, førstekonsulent
Epost: hakon.wille@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Håkon er prosjektmedarbeidar, og jobbar med organisering av arkiv. Han har studert historie i Aberystwyth i Wales, og har tidligare jobba som lærarvikar. Elles likar han bøker, helst med kakao ved sida av.
Ingunn Vestnes, konsulent
Epost: ingunn.vestnes@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Ingunn byrja ved IKAMR i 2005. Ho arbeider hovudsakleg med postmottak, ordning og registrering av eldre arkiv. Utdanning: Distriktshøyskule i EDB-fag. Arkivskulen. Ho er glad i å vere ute i naturen og likar å stelle i hagen.
Jan Aakvik, redaktør for Kulturnett Møre og Romsdal
Epost: jan.aakvik@ikamr.no
Telefon:
916 25 091
Har hovudansvar for Kulturnett Møre og Romsdal. Jan har lang fartstid i forvaltningsarbeid frå museum og fylkeskommune og byrja på IKA, som leiar av Kulturnett, i 2006. Mottoet i arbeidet med nettstaden er; del og bli rikare! Utdanning: cand. philol., UIB 2000. Han har hovudfag i Arkeologi, mellomfag i historie samt grunnfag i sosialøkonomi. På fritida står fjellturar høgt i kurs.
Kari Hauge Olsen, førstekonsulent
Epost: kari.olsen@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Kari byrja ved IKAMR i februar 2015 og jobbar i dag med ordning/digitalisering av byggesaksarkiv. Ho er bankfagleg utdanna og har jobba 34 år i bank. Har breid kompetanse innan utanlandsk betalingsformidling og reklamasjonsbehandling og som kunderådgjevar hjå Kundeservice/Telefonbank. På fritida er ho gjerne med på båt og krepsefiske, kosar seg med handarbeid eller nyt stunder med familien og barnebarna. Ho er ivrig korsonger og til tider også eksosrype.
Kristian Hove, konsulent
Epost: kristian.hove@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Kristian tok først eit årsstudium i historie ved Høgskulen i Volda 2007/2008. Han jobba som arkivpraktikant ved IKAMR før han begynte på et årsstudium over 2 år ved Høgskolen i Oslo 2009-2011. Samtidig med studiet i Oslo jobba han og ei veke kvar måned med IKAMR. Sidan januar 2013 har han jobba fulltid. Fritiden bruker han til å lese, samle og ordne tegneserier, og til å studere historiske dokumentarserier og bøker.
Ottar Breivik Anderson, leiar for SEDAK
Epost: ottar.anderson@ikamr.no
Telefon:
909 18 291
Ottar er fotograf med fagbrev og har over 10 års erfaring i eiga fotografverksemd med hovudvekt på reklame og industri. Gjennomført fleire utstillings- og utsmykkingsprosjekt i regionen. Byrja som leiar ved SEDAK, Fylkessenter for digitalisering av kulturarven, i mai 2013. Interessert i kunst, lokalmat og reise i inn- og utland.
Ragnar Albertsen, Fylkesfotoarkivar
Epost: ragnar.albertsen@ikamr.no
Telefon:
908 45 861
Trondhjemmer som er utdanna fotografmeister med kunsthistorie grunnfag som ekstra ballast. Har drive allsidig fotografpraksis, m.a. i avis og som sjølvstendig næringsdrivande. Fotoarkivar i Sogn og Fjordane 1986-1996. Fylkesfotoarkivar i Møre og Romsdal sidan 1996. Prosjektleiar for SEDAK 2010-2012. Tilsett ved IKA sidan 2013. Gift, 3 barn og 2 barnebarn.
Sølvi Knudsen, konsulent / administrasjon
Epost: solvi.knudsen@ikamr.no
Telefon:
922 24 866
Sølvi jobbar med administrasjon i tillegg til ordning og registering av arkiv. Ho kom til IKAMR i 2012. Har tidlegare jobba i restaurantbransjen og ved sentralbord.
Thea Helen Rølsåsen, personvernombud
Epost: thea.helen.rolsaasen@ikamr.no
Telefon:
412 65 037
Thea er utdannet jurist ved Universitetet i Oslo, der hun fordypet seg særlig i problemstillinger knyttet til informasjonssikkerhet og personvern. Hun er ansatt som faglig prosjektleder for personvernprosjektet hos IKA, og skal sammen med Henrik Gullaker fungere som personvernombud for 27 av fylkets kommuner, i tillegg til fylkeskommunen. På fritiden bruker hun mye tid på trening og strikking, i tillegg til at hun følger engelsk fotball tett.
Tom-Erik Enger, konsulent
Epost: tom.erik.enger@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Tom-Erik jobbar med digitalisering av arkiv.
Torbjørn Aasen, IT-rådgjevar
Epost: torbjorn.aasen@ikamr.no
Telefon:
924 65 108
Han har hovudansvaret for spørsmål kring elektroniske arkiv (Noark og fagsystem). Han vil også arbeide med uttrekk, deponering og avlevering knytta til elektroniske arkiv og prosjektarbeid i samanheng med implementering. Utdanning: Reg. Cand. Mag. Mikroelektronikk / Telematikk ingeniør MRIH Ålesund
Tore Fadnes, IT-rådgjevar
Epost: tore.fadnes@ikamr.no
Telefon:
971 15 093
Tore vil hovedsakelig jobbe med uttrekk, deponering og avlevering knyttet til elektroniske arkiv. Er utdannet sivilingeniør i Teknisk fysikk ved NTNU og har senere studert Informatikk ved samme universitet. Har tidligere jobbet i Statoil.
Torstein Skeide Olsen, førstekonsulent
Epost: torstein.olsen@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Torstein jobber med ordning av arkiv. Utdannet historiker med mastergrad fra Universitetet i Bergen. Har tidligere jobbet som prosjektmedarbeider hos IKA Hordaland og som praktikant ved Bergen Byarkiv. På fritiden liker han å følge med på fotball og bruker tid på å reise.
Vibeke Lunheim, rådgjevar (permisjon)
Epost: vibeke.lunheim@ikamr.no
Telefon:
936 56 026
Vibeke har ansvar for rettleiing, ordning, registrering og formidling av eldre arkiv og personregister hjå IKA Møre og Romsdal. I arbeidskvardagen er Vibeke er også opptatt av mellom anna arkivetikk og metode. Masteroppgåva i historie blei levert ved NTNU i 2008. Den omhandla den store mannedauden og dens herjingar i Stordal og Stranda. I tillegg til å analysere og tyde skriftlege kjelder har ho nordisk språk og litteratur i fagkrinsen. På fritida likar Vibeke å være ute i fri natur, oppleve nye ting, lese gode bøker og kose seg med god mat samt vere med familie og gode venner.
Zane Āboltiņa, rådgjevar
Epost: zane.aboltina@ikamr.no
Telefon:
406 18 600
Zane har bachelorgrad i Communication (University of Latvia), og mastergrad i Cultural marketing and management (Latvian Academy of Culture). Ho har studert på Malta (L-Università ta' Malta) og i Norge (Høgskulen i Volda), i tillegg til i Latvia. Zane har jobba ved Beijing Foreign Studies University (北京外国语大学) i Kina, og med markedsføring av tv-kanalane FOX, FOX Life og National Geographic Channel i Latvia. Ho likar å reise, bli kjent med nye stadar, danse og å lære nye språk.
Åsta Vadset, rådgjevar og ansvar for privatarkiv
Epost: asta.vadset@ikamr.no
Telefon:
408 54 153
Åsta er IKAMR sin arkivar med ansvarsområde personregister og privatarkiv. Ho har 11 års erfaring med arkivfaget frå Bergen Byarkiv, der ho jobba ved Formidlings- og publikumsavdelinga. Ho arbeidde særleg med erstatningssaker for tidligare barneheimsborn. Åsta har vore tilsett ved IKAMR sidan 2012. Av utdanning er ho cand.philol. frå Universitetet i Bergen, med sosialantropologi, engelsk og historie i fagkrinsen. På fritida likar ho å tilbringe mest mogleg tid utandørs saman med mann, barn og hund.