Aktuelt

kommunekartsiaf2.png
Kartlegging av kommunalt papirarkiv i Møre og Romsdal. Bilde: Andri Jonsson, IKAMR
2002-2040.jpg
Tilvekst 2002-2021 og antatt tilvekst 2022-2040+. Bilde: Andri Jonsson, IKAMR
04.04.2022

Sikre arkiv for framtida: Resultat frå kartlegging av papirarkiv

IKAMR sine magasin er per dags dato omtrent 80% fullt utnytta. Av totalt 15 000 hyllemeter kapasitet har vi no i underkant av 3 000 hyllemeter ledige. Vi forventar å ta imot 4 000 til 5 000 hyllemeter fram til 2025. Viss noverande uvikling held fram utan inngrep vil magasina våre bli fulle innan midten av neste år, 2023. I februar og mars i år har IKAMR og eigarane våre kartlagt over 17 000 hyllemeter uteståande kommunalt arkivmateriale hos kommunane og fylkeskommunen. Dette er arkivmateriale som på eit eller anna tidspunkt kan deponerast til IKAMR. Totalt er det skapt i underkant av 30 000 hyllemeter kommunalt papirarkiv i Møre og Romsdal mellom 1837 og 2022. Omtrent en tredjedel er deponert til IKAMR per dags dato. Her kjem eit kort samandrag av dei viktigaste konklusjonane i rapporten.

Les meir »
Vi ser inn mellom to arkivreolar, som er fylde med arkivboksar, kasser, mapper, papir. Mellom dei sit ei kvinne med pen strikkagenser på kne med ei arkivboks open framfor seg, og held i ei arkivmappe. Ho smiler mot fotografen.
Marianne Nystad, avdelingsleiar Nordmøre museum, i magasinet ved IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
03.02.2022

Besøk frå Tingvoll museum

I går, 2. februar, hadde vi oppstartmøte for gjennomføring av arkivutviklingsprosjektet IKAMR og Tingvoll museum fekk midlar til frå Arkivverket i desember 2021.

Les meir »
Skjermdump frå Teamsmøte, 2 kvinner ved sidan av kvarandre frå kvart sitt kontor, og ein mann nedst i høgre hjørnet. Alle smiler.
Åsta Vadset (rådgjevar for private arkiv ved IKAMR), Marianne Nystad (avdelingsleder Tingvoll museum ved Stiftinga Nordmøre museum) og Ottar Andre Breivik Anderson (leiar SEDAK ved IKAMR). Foto: Ottar Andre Breivik Anderson
17.12.2021

Arkivutviklingsmidlar til IKAMR

Kvar haust er det mogleg å søke om tilskot til ulike prosjekt frå Arkivverket. I dag kom lista over dei i alt 33 søknadane som vart innvilga i år. IKAMR fekk tildelt 700 000 kroner i midlar til 2 ulike arkivutviklingsprosjekt.

Les meir »
Bilde tatt frå ein liten fjelltopp, ser mot ei stor lysande stjerne som er montert der, med utsikt over ei vinteropplyst bygd
Foto: Guro Flø, IKAMR
10.12.2021

Jul og nyttår ved IKAMR

Kontor og lesesal er stengde for fysisk oppmøte 24.12.2021-12.01.2022.

Telefonen er open i romjula 0900-1400.

Les meir »
Portrettbilde av ei ung kvinne, i svart/kvitt. Bildet er gamalt og har passepartout med oval utskjering mot bildet.
Astrid Lillerøvde. Foto: Karl Kornberg, Volda. I privat eige.
Eit tydeleg gamalt bilde tatt ovanfrå ned mot eit nes. Nedst på neset står ei fyrlykt. Havet er ruskete bak. Heilt fremst i bildet er den gamle sekskanta fyrlykta. Mellom fyrlyktene er fyrvaktarbustaden og andre hus rundt.
Frå Runde fyr i perioden familien Lillerøvde budde der. Foto: ukjent. I privat eige.
10.12.2021

Astrid Lillerøvde sine dagbøker 1924-1929

"Torsdag 21 mars 1929: Flagget til tops yver Rundøy fyr! Endeleg var då dagen komen at vår høgvyrde, einaste krunprins skulde viast til den elskelege prinsesse Märtha. Krums, Gjelle, Mart og eg skulde iveg og yververe vielsen pr. radio. Fekk mildt behageleg vér, og starta her ifrå kl. 9, proppa med komiske vittigheiter og spændande forventning."

Les meir »
Fotoet er tatt frå ein gang, der ein ser inn i ein arkivreol som er fylt med etiketterte arkivboksar, 7 hyller i høgda, 11 fag innover, ei lang rekke med arkiv.
Arkiv frå Aure og Tustna på plass i magasinet. Foto: Guro Flø, IKAMR
Anja Eileen Skipnes i det gamle kommunehuset på Gullstein. Her held ho opp ein bjørkekubbe, adressert til ordføraren i Tustna frå Naturvernforbundet i 1989, med påskrifta "La naturen leve". Det er litt forskjellig som dukkar opp i arkivet! Foto: Guro Flø, IKAMR
Anja Eileen Skipnes i det gamle kommunehuset på Gullstein. Her held ho opp ein bjørkekubbe, adressert til ordføraren i Tustna frå Naturvernforbundet i 1997, med påskrifta "La naturen leve". Det er litt forskjellig som dukkar opp i arkivet! Foto: Guro Flø,
09.12.2021

Skansenprosjektet i Aure

Skansenprosjektet er no ferdig og arkiva frå Aure kommune er avlevert til depot.

Les meir »