Om arbeidet med arkivdanning
Arkivdanning er den delen av arkivfaget som tek for seg prosessane som fører til at arkiv blir skapt.
Fagområdet konsentrerer seg derfor i stor grad om å organisere dokumentflyt og dokumentproduksjon, skape gode rutinar tilpassa dei enkelte brukargruppene, og å dokumentere desse rutinane på ein måte som gjer at både brukarane av arkiva i dag og for ettertida får best mogleg forståing for korleis arkiva har blitt til.