"Frigjøringen kom!"
Dette sitatet er skrive av den mellombels oppnemnde ordføraren Kristian K. Frostad den 28. november 1945.
Med raud penn på ei ledig side i protokollen til Vestnes formannskap og kommunestyre, mellom siste møte under okkupasjonstida og før det første formannskapsmøtet i det frie Noreg, skriv han ned sine erindringar om korleis det var å vere ordførar den første tida etter frigjeringa. Ei tid kor overgangen frå diktatur til demokrati i kommunane tilsynelatande gjekk rimeleg kvikt og effektivt føre seg.
Heilt beint fram var det nok ikkje, for Kristian K. Frostad skriv óg om uro og uvisse:
"Der blev på dette og senere møter i denne vanskelige tid gjort flere drastiske vedtak, som for den de rammet kunne synes nokså hardhendte og kanske også til dels uberettighet. Den første tid manglet vi fyldiggjørende retningslinjer eller instrukser å arbeide etter. Følgen blev at vi, til dels, måtte gjøre våre vedtak etter bedste skjønn - og i samsvar med de krav som vi forstod folket stilte."
Allereie før den tyske okkupasjonsmakta i Noreg formelt kapitulerte den 8. mai 1945 låg det klare planar for kva som skulle gjerast i kommunane. I erindringane til ordføraren kan vi lese:
"Aar 1945 den 9. mai Kl. 14.0 Overtok den av fylkesutvalget midlertidige oppnevnte ordfører herr Kr. K. Frostad denne møtebok og det øvrige arkiv tilhørende ordførerstillingen."
Ordføraren si rolle dei første dagane var å peike ut personar til å sitje i eit mellombels kommunestyre som skulle verke ut året. Den 12. mai oppnemnde derfor ordføraren medlemmar til det nye kommunestyret. I Vestnes vart det kalla formannskap fordi dei oppnemnde medlemmane sat i kommunen sitt formanskap frå 1938-1940.
Det første formannskapsmøte i Vestnes den 15. mai 1945 er prega av glede over at det gamle formannskapet kunne møtast med «blankt sjold». Ordføraren heldt innleiingsvis ein tale og avslutta den med "Gud bevare kongen og fedrelandet!". Alle medlemmar møtte.
Kjelde:
Vestnes kommune. Formannskap/kommunestyre. Møtebok for formannskap og kommunestyre 1939-1945. Side 341-342.
Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim