Aktuelt

Ser fram frå sida av eit rom mot eit stort kinolerret. Ein mann pratar til ei forsamling som sit vendt mot han i eit amfi
Dagleg leiar Jesper Sode hansen opnar programmet på Caroline kino- og konferansesenter. Foto: Andri Jonsson, IKAMR
14.11.2022

Kontaktkonferansen i Kristiansund 2022

Kontaktkonferansen i Kristiansund vart gjennomført 9.-10. november på Scandic Hotell Kristiansund og Caroline kino- og konferansesenter.
Her kan du finne presentasjonane frå konferansen.

Les meir »
Ei smilande mørkhåra, svartkledd kvinne smiler mot kamera, med ein rådhusvegg bak seg. I hendene held ho ei handlaga glasskål og ein diplom det står årets arkivar på
Silje Ekroll Riborg er Årets arkivar 2022. Foto: Guro Flø, IKAMR
11.11.2022

Årets arkivar Møre og Romsdal 2022

På Kontaktkonferansen til IKAMR i Kristiansund denne veka vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for fjerde gong. Prisen gjekk til Silje Ekroll Riborg, arkivleiar i Ulstein kommune.

Les meir »
På eit kvitt bord ligg ein gamal, open protokoll. Ein person i lys genser og kvite hanskar blar i protokollen, og peikar til eit visst punkt på eine sida.
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
28.10.2022

Nye medlemmar i privatarkivordninga

Sula kommune og Tingvoll kommune har meldt seg inn i privatarkivordninga ved IKAMR. No er til saman 20 av kommunane i Møre og Romsdal medlemmar i ordninga.

Les meir »
Det står ein rekke stablar med flyttekasser i eit rom, tre menn smiler mot kamera medan dei lener seg mot kassene.
IKAMR ved f.v. Daniel Thorvik, Egil Woldseth Hessen og Torstein Skeide Olsen. Foto: Tove Nypan, IKAMR
17.10.2022

Nedpakkingstur til Rauma

IKA Møre og Romsdal tok 11.-13. oktober turen til Rauma kommune for å pakke ned resten av arkiva frå dei fem tidlegare kommunane Veøy, Grytten, Hen, Voll og Eid.

Les meir »
To men står fremst på bildet og ser mot kamera. Bak dei står ein spisebenk inntil eit høgt okerfarga hus med småruta vindauge. På eine veggen er det ei utskjering av ein isbjørn, på den andre står det ishavsmuseet.
Gudmund Valderhaug (prosjektleiar IKAMR) og Webjørn Landmark (dagleg leiar Stiftinga Ishavsmuseet Aarvak) utanfor Ishavsmuseet Aarvak. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
05.10.2022

Revidering av bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal

Etter tildeling av arkivutviklingsmidlar i 2020 til dette prosjektet er vi no i gang, i samarbeid med dei andre privatarkivaktørane i fylket: musea, historielaga og lokalarkiva.


Les meir »
Nærbilde av innsida av ein arkivreol der ein mann sit og smiler mot kameraet medan han blar i ein perm med stoffprøver. Det står ein open grå arkivboks ved sidan av han. Bak i bildet ser ein arkivreolar fylt med gråe boksar
Prosjektmedarbeidar Emil Stokkevåg har ordna arkivet etter Tingvoll Ullvarefabrikk og Tingvoll Tekstilarbeiderforening. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
Eit papirark med tre stoffprøver og ei modellteikning. Den eine stoffprøva i grå og kvite ruter, dei to andre i grått.
Digitisering av vareprøvekatalog. P-00482, Gh: 3.
29.09.2022

Statusoppdatering - Tingvoll-prosjektet

IKAMR og Tingvoll Museum fekk i 2021 midlar frå Arkivverket til å ordne, bevare og tilgjengeleggjere arkiva etter Tingvoll Ullvarefabrikk og Tingvoll Tekstilarbeidarforening. I løpet av sommaren 2022 har prosjektmedarbeidar Emil Stokkevåg ordna arkiva, og no ligg listene på Arkivportalen.

Les meir »
Eit lang smalt rom med reolar og låg takhøgde, tre personar står bakarst og smiler til fotografen
Frå venstre Torstein Skeide Olsen - IKAMR, Siv Krokfoss - Fjord kommune og Emil Stokkevåg - IKAMR. Foto: Egil Woldseth Hessen - IKAMR
27.09.2022

Nedpakking av arkiv frå gamle Norddal og Stordal

IKAMR tok sist veke turen til Fjord kommune for å starte nedpakkinga av ein avtale inngått august 2021 om ordning og deponering av papirarkiv frå dei tidlegare kommunane Norddal og Stordal. Avtalen rommar omlag 365 hyllemeter totalt.

Les meir »
Fire menn ser og smiler mot kamera, dei sit rundt eit kvitt arbeidsbord med laptopar på. I bakgrunnen ein stor tv-skjerm.
Arbeidsmøte ved NTNU i Gjøvik i mars 2022 saman med studentar ved IDI. F.v: Mikael Falkenberg Krog, Jakob Frantzvåg Karlsmoen, Martin Wighus Holtmoen og Ottar A.B Anderson. Foto: Ottar A.B Anderson, SEDAK
Framsida til magasinet Arkivråd, nr 1 av 2022, i blå fargar.
Framsida av Arkivråd 1/22
21.09.2022

Artikkel om FoU-prosjektet «Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet» i tidsskriftet Arkivråd

Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR) har dei siste par åra jobba med eit forprosjekt og eit pågåande hovudprosjekt, som har omfatta kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet. Forprosjektet har gitt ei utgreiing av behovet for ei kvalitetssikring og hovudprosjektet har omfatta beskriving og utvikling av metode og verktøy for ei integrert automatisert kvalitetssikring av dei digitiserte arkivkjeldene publisert på Digitalarkivet.

Les meir »