25.06.2014

Om arbeidet med privatarkiv

Nærbilde av to personar sine hender iført hanskar, som ser på dokument i ein bunke med større dokument, armen nærast fotograf held oppe den store bunken

Privatarkiv er skapt av bedrifter, foreningar, lag, organisasjonar og enkeltpersonar. For å ha ein samla samfunnsdokumentasjon må private arkiv takast vare på i tillegg til statlege og kommunale. I selskapsavtalen til IKAMR står det at «Selskapet skal vere ein regional arkivinstitusjon knytt til heilskapleg samfunnsdokumentasjon».

I 2017 vart IKAMR utnemnt av Riksarkivaren, via Møre og Romsdal fylkeskommune, som fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet. Dette inneber at vi skal koordinere arbeidet med privatarkiv, gi arkivfagleg rettleiing og delta i det nasjonale nettverket for fylkeskoordinerande ledd. 

Institusjonar og ressursar på privatarkivfeltet

IKAMR driv også privatarkivordninga. Medlemskap i ordninga inneber at avslutta privatarkiv frå medlemskommunane vert ordna og registrert, oppbevart etter forskrift og arkivliste publisert på Arkivportalen. Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste der ein finn informasjon om kva historiske arkiv som er bevarte i Noreg. På denne måten vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast.

Innsyn i dei private arkiva vert gjort etter offentleg regelverk, med mindre arkiveigar ønsker særskilde vilkår for innsyn. Materialet kan ein, på same måte som med dei kommunale arkiva, få tilgang til ved lesesalen vår.

Kostnaden er 1,83 kr pr innbyggar i 2024. Prisen vert regulert etter konsumprisindeksen ved kvart nyttårsskifte.

Per i dag har 22 av eigarkommunane våre meldt seg inn i privatarkivordninga. Desse kommunane er: Aukra, Fjord, Giske, Haram, Hareid, Herøy, Hustadvika, Rauma, Sande, Sandøy (Ålesund), Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Aktive foreningar, lag og bedrifter kan betale IKAMR for å forvalte arkiva sine. 

Dei siste åra har vi gjennomført ulike prosjekt basert arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket: 

  • Ordning og tilgjengeleggjering av arkiva etter Tingvoll Ullvarefabrikk og Tingvoll Tekstilarbeiderforening. I samarbeid med Tingvoll museum (Normørsmusea).
  • Sanitetsarkivprosjektet i Møre og Romsdal - ordning og tilgjengeleggjering av arkiva etter sanitetsforeningane i fylket vårt. I samarbeid med NKS Møre og Romsdal.
  • Utarbeiding av bevaringsplan for privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal. I samarbeid med Viti, Romsdalsmuseet, Nordmørsmusea og Nynorsk kultursentrum.

Elles samarbeider vi med Møre og Romsdal idrettskrets og Romsdalsmuseet om å få bevart arkiva etter idrettslaga i fylket. Også dette prosjektet skal gjennomførast ved hjelp av tildelte midlar frå Arkivverket, og skal igongsettast i 2024.

For spørsmål om privatarkiv, ta kontakt med rådgjevar Åsta Vadset:

tlf: 408 54 153
e-post: asta.vadset@ikamr.no.