14.10.2014

Metadatastandard

Bilde av fargerike nettverkskablar i eit serverrom
Spesielle retningslinjer for dokumentasjon av metadata (ADDMML)

Dokumentasjon av metadata i samsvar med ADDMML.dtd kan produserast ved hjelp av ARKADUKT.

ARKADUKT er eit ope tilgjengeleg verktøy som er utvikla og blir hald eved like av Riksarkivet. Utover dei avgrensingar som ligg til grunn i ADDMML.dtd, har IKA Møre og Romsdal utvikla lokale retningslinjer for arkivuttrekk.

Metadatastandarder for IKA Møre og Romsdal IKS

• Arkiv ID (ar_id CDATA #REQUIRED)
o Eintydig identifikator for arkivet skal vere domenenavn, f.eks. "ikamr.no"


• System ID (sy_id CDATA #REQUIRED)
o Eintydig identifikator for systemet, f.eks. ”K2000”

• Dataset ID (ds_id CDATA #REQUIRED)
o Eintydig identifikator for datasettet, Arkiv ID/System ID/løpenummer (ikamr.no/K2000/1)

• Beskriving av datasett (ds_descr (#PCDATA))
o Beskriving av innhald i versjons-/datasettet skal vere utfyllande

• Format (format (#PCDATA))
o Format for tabelldata skal vere XML (Extensible Markup Language)

• Postskille (recsep (#PCDATA))
o Postskille i filene skal vere "NO" (=intet fysisk postskille)

Navn (name CDATA #REQUIRED) / path (CDATA #REQUIRED)
o Det skal nyttast relative path

• Beskriving av fil (fi_descr (#PCDATA))
o Beskriving av innhald i fila skal vere utfyllande.

• Felt beskriving (ft_descr (#PCDATA))
o Alle felt skal ha god beskriving av kva innhald i feltet betyr

Organisering av data på lagringsmedium

Data som blir oversendt til deponering skal lagrast på CDR. Alle data skal lagrast i ei mappe på rotnivå som heiter ARKIV. Består arkivuttrekket av fleire CD’er skal mappa også vere nummerert (ARKIV1, ARKIV2 ….). Mappa ARKIV skal innehalde følgande filer;

1. addmml.dtd
• Riksarkivarens dtd skal følge alle deponeringar.


2. METADATA.XML
• Metadataane som er produsert på grunnlag av addmml.dtd skal ha filnavn i uppercase (store bokstaver). Alle metadatafiler skal vere validert mot addmml.dtd. 


3. ”tabellnavn”.xml
• Tabellar skal eksporterast som filer, der kvar tabell som skal bevarast skal representere ei XML-fil. XML-fila skal ha same namn som tabellen. Hvis tabellfila er splitta, skal fila i tillegg til tabellnamnet vere nummerert. (sak1.xml, sak2.xml)

Konvertering av data

Tabellar skal konverterast frå databasen som XML-filer. Eventuelle fulltekstdokument i databasen, eller filstrukturar er i utgangspunktet ikkje bevaringsverdige så lenge desse dokumenta også er arkivert i eit papirbasert arkiv. Alle felt som finst i tabellen skal også skrivast ut i XML-filene, dvs. også tomme felt.

Distribusjon av data til depot

ADDMML.dtd - Versjon 7.3 (27.06.2001) blir i dag brukt av IKAMR.
Riksarkivet arbeider med ADDML - Versjon 8.2 som IKAMR vil vurdere når denne nye versjonen er klar til praktisk bruk.

Vedlegg