Aktuelt

Bilde tatt utandørs av ein mann som ser mot kamera. Han er kledd i lys blå skjorte og dressjakke. Han står framfor ei moderne bygning i betong og glas.
Jesper Sode Hansen, ny dagleg leiar ved IKAMR. Foto: Sofie Svanes Flem, SMP
08.10.2021

Ny dagleg leiar

Jesper Sode Hansen (49) er tilsett som dagleg leiar for IKA Møre og Romsdal. Han tiltredde 1. oktober.

Les meir »
Rom der det står stablar på stablar med flyttekasser, som er fylde med arkiv. Bak i bildet står det til venstre to menn, til høgre ei kvinne, alle smiler til kamera
Frå venstre: IKAMR ved Egil Woldseth Hessen, Torstein Skeide Olsen og Tove Nypan med brorparten av det nedpakka arkivet - Foto: Joanna Pietruszka, IKAMR
23.09.2021

Nedpakking av arkiv i Rauma kommune

21. og 22. september var IKAMR hos Rauma kommune og pakka ned 150 hyllemeter arkiv frå forskjellige arkivskaparar som har fylt arkivromma i første etasje på kommunehuset.

Les meir »
Bilde frå ein bakgård i Ålesund, med høge murhus frå tidleg 1900-tal, overskya ver med litt sol over eit husmøne. Fremst i bildet står det tre stablar med brune flyttekasser, bak dei står det parkert ein liten kassebil, med bakdørene opne, kassene kom frå denne bilen. På sida av bilen, ein på kvar side, står det to menn som smilar til fotografen.
Niklas Vartdal Aam og Svein Håvar Vatne frå Høgskulen i Volda avleverte arkivet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
20.09.2021

Samarbeid om bevaring og tilgjengeleggjering av Stortingsmannsarkivet

I 1984-1985 vart det i regi av Høgskulen i Volda samla inn arkivdokumentasjon frå stortingsrepresentantar og vararepresentantar frå Møre og Romsdal. No skal samlinga ordnast, registrerast, digitaliserast og gjerast tilgjengeleg.

Les meir »
Nedpakking av Sunnmørsposten i Røysegata.
Nedpakking av Sunnmørsposten i Røysegata. Til venstre SMP ved Bjørn Halvosen og Hanna Relling Berg, til høgre IKAMR ved Egil Hessen, Lucas Moi, Aleksander Solevåg Larsen og Åsta Vadset - Foto: Staale Wattø, SMP
24.08.2021

Sunnmørsposten frå 1923 til dags dato

Torsdag 19. august var tre tilsette frå IKA i Røysegata og pakka ned redaksjonen sitt sett av innbundne aviser. Dagen etter vart samlinga pakka ut i depot i Kirkegata. Vi er stolte over å få ta vare på denne kulturskatten.

Les meir »
Logo for godkjent lærebedrift - ein svart sirkel med bokstaven L i midten, på toppen av sirkelen står det vi har lærling og under godkjent lærebedrift
Logo godkjent lærebedrift
To menn i eit fotostudio med eksterne lyskjelder som lyser på ein stor kloss der det står ein gamal sko. Den eine mannen held i skoen, medan den andre fotograferer den.
Piotr Cabaj og fagleg leiar Ottar A. B. Anderson arbeider i studio med pilotprosjekt for Viti Musea på Sunnmøre. Dokumentasjon av skoen til Joachim Rønneberg
Eit brudepar står under sløret til bruda, på ei kai. Det er fin solnedgang og refleksjon av den i vatnet bak brudeparet. Ei stor ekstern lyskjelde står mellom brudeparet og fotografen, som ein ser ryggen på.
Piotr Cabaj i oppdrag på location, fotografering av brudepar
Mann står med kamera på fotostativ ved sidan av Osebergskipet på Bygdøy, og tek bilde av skipet
Piotr Cabaj på fagleg besøk hos Kulturhistorisk Museum, Vikingskiphuset i Oslo
13.07.2021

Fotograflærling ved SEDAK

Piotr Cabaj har sidan november 2020 vore lærling i fotograffaget og har gjennomført prøvetid på 6 månader på ein særs tilfredsstillande måte. Kontrakten går no over til å vere aktivt gjeldande fram til sommaren 2023.

Les meir »
Bilde tatt nedanfrå, ein ser hettegenserikledd mann med hanskar som held ei boks. Framfor han er det hyller med permar
IKAMR ved Torstein Skeide Olsen i ferd med å pakke ned arkiv hos Ørsta vidaregåande skule - Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Bilde av ein korridor der det står 11 flyttekasser stabla langs veggen. I bakre del av bildet står 3 smilande tilsette frå IKAMR som har pakka ned arkivet i flyttekassene
IKAMR ved Egil Woldseth Hessen, Stine Hovdenakk og Torstein Skeide Olsen
24.06.2021

Besøk hos Ørsta vidaregåande skule

I går 23.06.2021 tok vi turen til Ørsta for eit besøk hos Ørsta vidaregåande skule for å pakke ned arkiv som skal ordnast hos oss på ordningsprosjekt.

Les meir »
Ei kvinne smiler mot fotografen ståande mellom arkivreolar, med mapper i armane. Til høgre utanfor arkivreolen står ein mann og ser på fotografen.
Tove Karin Lilleås, fagleiar arkiv i Sykkylven kommune og Torstein Skeide Olsen, IKAMR
31.05.2021

Besøk i Sykkylven kommune

IKA Møre og Romsdal var 28. mai på synfaring hos Sykkylven kommune for å kartlegge resterande papirarkiv etter ønske frå kommunen.

Les meir »