04.05.2020

Teknisk informasjon

Digitaliseringsstasjon inne i ei black box. Voggeskanner med to store lyskilder over, kamera står vendt ned mot voggeskanner, arbeidsstasjon med pc og stor skjerm til høgre for voggeskanner

SEDAK har lang erfaring og brukar i dag utstyr som reproduserer originalmaterialet med høg oppløysing for at innhaldet skal bli leseleg.

Systema våre kan levere frå 300ppi ved hjelp av Phase One iXG og XF 100 megapiksel mellomformat kamerasystem. I det daglege brukar vi i tillegg hurtigskannarar og fleksible, modulbaserte system som gjev moglegheit for oppgradering utan å måtte byte ut alt samtidig.

Ved hjelp av mobilt utstyr kan vi også gjennomføre oppdrag utanfor studio.

Vi brukar avansert programvare for å kvalitetssikre resultata slik at dei digitale filene blir mest mogleg lik dei originale. I denne arbeidsmetodikken følger vi gjeldande internasjonal standard ISO/TS 19264-1 (Photography – Archiving systems  Image quality analysis).

Det digitaliserte materialet kan lastast opp i databasar, ordna på ein slik måte at kunden enkelt finn det att ved mellom anna bruk av metadata og/eller OCR. Filene kan også leverast i PDF, PDF-A, JPEG, JPEG 2000 og TIFF på ekstern harddisk eller USB​​​.

Tilsette ved SEDAK har sertifisering for bruk og beste praksis av Phase One-kamera og Capture One-programvare mellom anna Digital Transitions (DT) Digitization Certification 201: Operator Training og Phase One Certified Professional (POCP). Dette sikrar at SEDAK kan yte på linje med topp verktøyskvalitet.

For å halde oss best mogleg oppdatert utvekslar vi erfaringar med andre nasjonale og internasjonale institusjonar, undersøker marknaden for dei beste løysingane og held oss oppdaterte på nye utgåver og teknologiar.