Digitalisering av kulturarven
Utvalet som består av representantar frå institusjonar, som er i målgruppa for å få samlingar digitalisert av Nasjonalbiblioteket, hadde 31. mai og 1. juni sitt tredje møte sidan opprettinga. Rådet skal vere ein plass for diskusjon av spørsmål og problemstillingar som er relevante for dei aktuelle institusjonane og Nasjonalbiblioteket i arbeidet som skal utførast. Nasjonalbiblioteket ønsker dialog og tilbakemeldingar som kan bidra til gode prosessar og løysingar som gagnar både den enkelte institusjon og oppdraget som heilskap. Årets første møte var i Mo i Rana og ein fekk informasjon om kva som allereie er operativt og status på aktivitet.
Det operative består av lyd og foto, mens løypa for digitisering av video blir klar no i juni. Digitisering for film er det neste som skal utviklast. Sidan 2020 har NB inngått 81 avtalar om digitisering frå arkiv, bibliotek og museum i Noreg. I 2022 er det inngått 19 nye avtalar og fleire er til signering. NB digitiserer også store mengder arkiv for Arkivverket og for tida er det landssvikarkivet som har fullt fokus.
Mange har ønske om å besøke NB i Mo i Rana og dei kan melde seg på ABM-konferansen som er 28. og 29. september i år.
Tekst: Jan Aakvik, IKAMR