Klokka 08.05 fekk IKA dagens første avlevering. Jens Egil Sætran, frå Brødrene Sætran, leverte ein palle frå Smøla kommune. Blidare og meir serviceinnstillt mann skal ein leite lenge etter. Pallen vart køyrt heilt til reolen.
Kommunaldepartementet har nedsett eit utval leia av Knut Vollebæk, som skal granske og skildre utviklinga av politikk og tiltak av norske myndigheiter, institusjonar, organisasjonar og andre verksemder ovanfor tater/romani folket fram til i dag
Denne veka (veke 48) arrangerer IKA Arkivplanveke. Konseptet er at IKA sine tilsette skal dedikere veka til spørsmål og svar som kommunane måtte ha om arkivplan.
"Arkivdagen 2014" ved IKAMR, med "Fotografiet 175 år" som hovudtema, vart eit vellukka arrangement sist laurdag. Skal vi tru dei som forsøkte å telje var det nesten like mange til stades som i fjor, dvs. minst 150 personar innom arrangementet i Kirkegata 10b.
Laurdag 8.november 2014 opnar IKAMR dørene for publikum i høve den nordiske Arkivdagen. Årets tema ved IKAMR er "Fotografi gjennom 175 år". Set av dagen til eit spanande program saman med oss! I år samarbeidar vi med Sunnmørsposten. Delar av programmet vil føregå i deira auditorium.
Onsdag 29.10.2014 arrangerte IKAMR og Fylkeskommunen kurs for tilsette ved dei vidaregåande skulane i fylket. Tema for kurset var ordning, føring og avlevering av papirarkiv.
Dagleg leiar ved IKAMR igjennom 15 år, Arnt Ola Fidjestøl, har takka ja til tilbodet om stillinga som ny fylkesarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Han startar i stillinga 1.januar 2015.