Aktuelt

fattigstyret_heroy_tosidig.jpg
09.06.2015

NAV anno 1756

9. juni vert den Internasjonale Arkivdagen markert over heile verda. Dette skjer ved at arkivinstitusjonar vel seg ut eitt dokument frå samlingane sine, fortel om det og set det inn i ein samanheng. Dokumentet Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal har valt i år er kanskje ikkje visuelt vakkert, slik som mange andre dokument vi oppbevarer i magasina våre. Vi kunne valt eit flott foto, ein fargerikt illustrert skulestil eller ei viktig kontrakt. Vi har i staden valt eit epokegjerande dokument. Epokegjerande for samtida det vart skapt i, og for oss i dag. No nyt vi nemleg godt av konsekvensane tiltaket dokumentet fortel om fekk for samfunnet vårt.

Les meir »
geir_havard_ellingseter_og_gro_kraft.jpg
31.05.2015

Avtale underskriven

IKA Møre og Romsdal og Stiftelsen Kulturkvartalet ved Jugendstilsenteret har inngått avtale om oppbevaring av arkiv.

Les meir »
forside_1961.jpg
15.05.2015

Russeaviser i Møre og Romsdal

Russemarkeringa i Noreg skriv seg tilbake til 1700-talet, men den noverande russetradisjonen skriv seg frå 1905, og avgangselevar ved dei høgare skulane i Kristiania (Oslo) ikledde seg raude luer.

Les meir »
utsnitt_fra_stil_2.jpg
08.05.2015

I dag er det 70 år sidan freden kom

I høve dagen har vi funne fram ei mappe med eksamenssvar i norsk skrivne av elevar i 7. klasse ved Aspøy skole våren 1945. Oppgåva var å fortelje om "Den største dagen i mitt liv". Dei fleste elevane har gjengitt dagar frå mai 1945. Nokre fortel om den utrulege, jublande kjensla 8. mai. Andre om den første 17. mai-feiringa i eit land som igjen var fritt.

Les meir »