Kurs i ordning, føring og avlevering for tilsette ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal
Deltakararne fekk først ei grunngjeving for kvifor arkivdokumentasjon skal ordnast og avleverast til depot, ved arkivleiar i Fylkeskommunen Geir Håvard Ellingseter. Deretter gjekk Guro Flø, rådgivar ved IKAMR, igjennom rutinane for ordning, føring og avlevering. På slutten av dagen var det omvisning i magasina i Kirkegata 10, ved rådgivar Åsta Vadset. Totalt 37 deltok på kurset.