Slekt og Data Molde held medlemsmøte første torsdagen i månaden. 06.05.2021 var IKAMR v/Åsta Vadset invitert til å halde foredrag for dei om korleis forskjellige arkiv kan vere til hjelp i slektsforsking.
I slutten av februar var IKAMR på besøk hos Molde kommune og pakka ned over 350 flyttekasser med arkiv som skulle til oss for ordning på prosjekt. Sist veke kom arkiva til oss fordelt på to dagar.
19. februar var vi på besøk hjå Høgskulen i Volda med studentgruppa på masterutdanninga i samfunnsfag. Nokre studentar har, etter oppmoding, delt loggar og oppgåvesvar med oss.