Foredrag for Slekt og Data Ålesund
Slekt og Data Ålesund brukar å ha medlemsmøte andre onsdagen kvar månad. Der kan ein få hjelp med tradisjonell slektsforsking, slektsprogram, digitalarkivet osb.
I tillegg har dei avtale med Moa bibliotek om møte vanlegvis siste måndagen i månaden, men denne gongen vart møtet ei veke før pga påske.
Det var til dette møtet Åsta Vadset var invitert til å halde foredrag. Ho fortalde om IKAMR som selskap og kva tenester vi tilbyr. Deretter om kva kjelder vi oppbevarer som kan vere aktuelle for gruppa slektsforskarar. Dette gjorde ho med utgangspunkt i si eiga familiehistorie.
Foredraget vart halde via Teams, med 25 deltakarar.
Les meir om Slekt og Data Ålesund på nettsidene deira.
Tekst: Åsta Vadset
Kategori
Eldre arkiv