Besøk i Rauma kommune
Det er eit prosjekt med ganske mange seriar og detaljer og vi fekk sett oss ned og sett opp ein struktur som fungerer for attfinning for kommunen og som også er optimal for oss å kunne ordne, kategorisere og katalogisere.
I første omgang har vi vore og pakka ned 45 flyttekassar med vatn- og avløp, reguleringsplanar, vegar- og gater, oppmålingsmapper, renovasjon mm.
Prosjektarkivet som skal til skanning vil vi kome tilbake og hente seinare. Då vil det først bli ordna av oss ved IKAMR, og deretter vil dei utvalde, ønska delane av desse bli skanna i digitaliseringsavdelinga vår.
Vi ser fram til fleire turar til Rauma kommune i åra framover.
Tekst: Torstein Skeide Olsen
Kategori
Eldre arkiv
SEDAK
Kommune
Rauma