Aktuelt

leif_larsen_shetlandslarsen.jpg
09.04.2015

Idag er det 75 år sidan invasjonen av Norge

9.april 1940 invaderte tyske styrkar Norge. Motstanden let ikkje vente på seg. "Shetlangsgjengen" var namnet på ei norsk marineavdeling som segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland, leia av Leif A. Larsen. Her er historia om "Shetlands-Larsen" som rømling på Tustna.

Les meir »
vilde_ronge_twitterkonto_25.03.15.jpg
25.03.2015

Om arkivering av e-post

I ein artikkel i Aftenposten 23.mars 2015 skriv Vilde Ronge, fungerande avdelingsdirektør for Bevarings- og tilsynsavdelingen ved Riksarkivet, om lagring av e-post. "Det er svært problematisk når offentlig dokumentasjon ikke blir arkivert. Det kan være til hinder for åpenhet og svekke demokratiet". Ronge dreg parallellar mellom Hillary Clinton si e-post-skandale og tilhøve i offentleg forvaltning i Norge.

Les meir »
geir_haavard_portrett.jpg
20.03.2015

Ny dagleg leiar på plass

Mandag 16.mars starta Geir Håvard Ellingseter som dagleg leiar ved IKAMR. Han kjem frå stillinga som arkivleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Før det arbeidde han med sak- arkivsystem i ErgoGroup (no EVRY) og Tieto. Geir Håvard er utdanna bibliotekar frå Høgskolen i Oslo.

Vi ønsker Geir Håvard hjarteleg velkomen til oss!

Les meir »
mote_fylkesarkivet_i_sogf.jpg
09.03.2015

Møte om ny databaseløysing

Torsdag 5. og fredag 6.mars hadde IKAMR møte med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om ny databaseløysing for foto. Føremålet med møtet var å utveksle kunnskap om tekniske og praktiske løysingar sett frå datateknisk side og frå brukarsida.

Les meir »
rauma.jpg
27.02.2015

Besøk ved Rauma vgs

I oktober 2014 heldt IKA kurs i Ålesund for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal i ordning, føring og avlevering av arkiv. Rauma videregående skole er no i gang med med ordningsarbeidet.

Les meir »
blomar_guro.jpg
17.02.2015

Fornøgd brukar

Det hender at vi får gode tilbakemeldingar frå brukarane våre. I dag fekk rådgjevar Guro Flø ei ekstra hyggeleg tilbakemelding i form av nydelege blomar og takkekort!

Les meir »