27.02.2015

Besøk ved Rauma vgs

rauma.jpg

I oktober 2014 heldt IKA kurs i Ålesund for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal i ordning, føring og avlevering av arkiv. Rauma videregående skole er no i gang med med ordningsarbeidet.

I den forbindelse var Guro Flø og Møre og Romsdal fylkeskommune sin koordinator for avlevering av arkiv, Anette Ora Siem, den 26. februar på besøk på Åndalsnes for å gi litt støtte i oppstartsfasen. Dei fleste vidaregåande skulane i fylket er heilt i startgropa med denne type arbeid, og Siem vil vere bindeleddet mellom IKA og dei vidaregåande skulane i arbeidet.

Vi er glade for at fylkeskommunen og skulane legg ressursar i dette viktige arbeidet.