Om SEDAK / Digitisering

SEDAK (Fylkessenter for digitalisering av kulturarven) er digitiseringseininga for arkiv, bibliotek og museum (ABM), samt kulturverninstitusjonane i Møre og Romsdal. Vi tek også oppdrag for kommunar, lag og organisasjoner og private aktørar.
SEDAK vart oppretta av Møre og Romsdal fylkeskommune i 2013. Vi deltek aktivt både på nasjonale og internasjonale ABM-konferansar og arrangement.
Kvifor digitisere?
Bevare
- Unngå slitasje - analogt materiale er sårbart ved hyppig bruk
- Bevare skada og øydelagt materiale
- Bøte på dårleg papirkvalitet og oppbevaringsforhold frå tidlegare tider
Gjere tilgjengeleg
- Digitale filer lagrast for all framtid
- Materialet kan enkelt publiserast digitalt
Kva kan vi digitisere?
Vi tek på oss oppdrag som omfattar alle typar materiale i alle fysiske format og vi held oss til internasjonale standardar på kvalitet i arbeidet vårt. Dette kan til dømes vere:
- Saksarkiv
- Store kart og teikningar
- Bøker, dokument, aviser og magasin
- Kunst, måleri, plakatar
- Gjenstandar, objekt
Utfordr oss gjerne på andre typar materiale og prosjekt!
Kontaktinformasjon for bestilling finn du her.