29.12.2017

Romjulsjobb

erlend_fylkesfotoarkivet_julen2017_sed9742_2.jpg

I romjula har Erlend Holst Aakvik jobba for FylkesFOTOarkivet.

Han har arbeidd med digitalisering av fotograf Magne Mulvik sitt arkiv. Fotoarkivet inneheld negativ i ulike filmformat, svart/kvitt og farge og ein del dias.

Her er det bilete av bryllaup, flyfoto, konfirmantar og fabrikkar for å nemne nokre av motiva.

Lenke til basen finn du her: https://foto.fylkesarkivet.no/

Det er Sunndal kommune som eig arkivet.

 

Tekst: Jan Aakvik, IKAMR.

Kommune
Sunndal