11.07.2024

Program - årets kontaktkonferanse

Av Erik den yngre – Eige arbeid, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=35901157

Årets kontaktkonferanse er som allereie kjent lagt til 15. og 16. oktober på Scandic Seilet i Molde. Sjekk kva som står på programmet* og finn lenke for påmelding, siste frist er 22. juli. Vi gler oss til å sjåast i Molde!

Konferansen opnar tysdag kl. 11 med kulturelt innslag frå Molde. Etter lunsj startar vi med lokale innlegg med oppdatering om kva skjer hos IKAMR og dei ulike fagnettverka i Møre og Romsdal. Deretter får vi høyre frå to foredragshaldarar om problemstillingar knytt til personvern, bevaring og kassasjon.

Onsdag har tredelt program: Først snakkar to foredragshaldarar om digitalisering og effektivisering i arkivsektoren, etterfulgt av parallellsesjonar med workshop/gruppediskusjonar om valde tema. Etter lunsj avsluttar vi med tre praktisk-orienterte foredrag/demonstrasjonar om arbeid med arkiv.

Vi legg opp til ein konferanse med god tid til spørsmål, refleksjonar og diskusjonar. Det blir romslege pausar mellom dei faglege foredraga for å gi moglegheit til mingling og nettverksbygging.

Dag 1: tysdag 15. oktober

10:30 Registrering

11:00 Opning av Kontaktkonferansen i Molde 2024

          Lunsj

12:15 Kva skjer i den kommunale arkivsektoren i Møre og Romsdal?

          Innlegg frå IKAMR og dei regionale fagnettverka

14:30 Bevaringsplan for private arkiv i Møre og Romsdal

          Gudmund Valderhaug, Depotdrengen

15:30 Hvordan, og av hvem, besluttes hvilke personopplysninger som kan arkiveres for alltid?

          Herbjørn Andresen, OsloMet

16:10 Dataminimering, sletting og «etisk kassasjon» i arkiver som skal bevares

          Harald Sommerstad, Arkivverket

16:50 Årets arkivar 2024

19:00 Middag og sosialt kveldsprogram

Dag 2: onsdag 16. oktober

09:00 Digitalisering i arkivsektoren

          Innlegg om kunstig intelligens, maskinlæring og effektivsiering

          Vår digitale hukommelse

          Fredrik Øvergård, Digi Fosen og Cecilie Buaas, Digi Møre og Romsdal

10:45 Workshop/Gruppediskusjonar:

           1) Utfordringar og samarbeid i arkivsektoren i Møre og Romsdal

           2) Personvern, bevaring og kassasjon

           3) Digitalisering i arkivsektoren

          Lunsj

13:00 Arkivansvar for eige rettssubjekt med offentleg tilknyting

          Innlegg frå Ålesund kommune

13:30 Kassasjon i praksis i elektronisk arkiv

          Trude Holand Jensen, Bergen byarkiv

14:00 Demonstrasjon av KDRS Søk&Vis

          Torbjørn Aasen, IKAMR

14:30 Avslutning

Praktisk informasjon:

Stad og tid: Scandic Seilet i Molde 15.-16. oktober.

Påmelding: Frist for påmelding er måndag  22. juli.

Påmeldingsskjema finn de her.

Prisar: Konferanseavgift: 3380,- Festmiddag: 1190,- (kostnader for overnatting kjem i tillegg).

IKAMR sender faktura for avgift, middag og overnatting etter konferansen.


*Vi gjer merksam på at programmet kan bli endra.