24.05.2024

Ope for påmelding til årets kontaktkonferanse - nominasjon til årets arkivar

Scandic Seilet - bilde lånt frå visitnorway.no.jpg

Det er no opna for påmelding til årets kontaktkonferanse, som blir på Scandic Seilet i Molde 15. og 16. oktober. Samtidig ønsker vi nominasjonar til prisen "Årets arkivar"!

IKAMR si kontaktkonferanse er eit fast kontaktpunkt for den kommunale arkivsektoren i Møre og Romsdal. Kontaktkonferansen skal vere ein arena for nettverksbygging og fagleg påfyll for arkivtilsette i kommunane, fylkeskommunen, IKAMR og fagnettverka i Møre og Romsdal.

Tema for årets konferanse inkluderer:

  • Kva skjer i den kommunale arkivsektoren i Møre og Romsdal? Utfordringar og samarbeid i sektoren, dei lokale fagnettverka og IKAMR.
  • Personvern og bevaring/kassasjon av personopplysningar.
  • Effektivisering, maskinlæring og kunstig intelligens i arkivsektoren.
  • Privatarkiv og bevaring av dokumentasjon skapt i privat sektor.

Vi får høyre frå dei lokale og regionale nettverka om aktuelle tema i dag og i tida framover. Korleis kan vi samarbeide tettare og lære av kvarandre i sektoren? Korleis kan ny teknologi nyttast i arkivdanning og deponering, og korleis kan vi gripe dei moglegheitene den ber med seg samtidig som vi taklar utfordringane vi møter?

Som tidlegare år vil vi invitere føredragshaldarar frå øvste hald til å snakke om desse spørsmåla. Det vil bli workshop/gruppediskusjonar om aktuelle tema, tilsette frå IKAMR vil stille tilgjengeleg på stands, kulturelt innslag frå Molde, festmiddag og meir!

Detaljert program er under utarbeiding og blir publisert på nettsida seinare.

 

Stad og tid: Scandic Seilet i Molde 15.-16. oktober (registreringa opnar tysdag 15. oktober kl. 11).

Påmelding: Frist for påmelding er måndag  22. juli.

Påmeldingsskjema finn de her.

Prisar: Konferanseavgift: 3380,- Festmiddag: 1190,- (kostnader for overnatting kjem i tillegg).

IKAMR sender faktura for avgift, middag og overnatting etter konferansen.

Velkommen til Molde!


Årets arkivar 2024

Sidan 2017 har tildeling av prisen Årets arkivar vore ein fast del av kontaktkonferansen. Tildeling av prisen skjer på grunnlag av nominasjon frå arkivmedarbeidarar og andre tilsette i kommunane og fylkeskommunen.

Nominasjon må sendast til postmottak@ikamr.no innan 22. juli 2024. Nominasjonen vert handsama konfidensielt og namn på andre nominerte enn vinnaren vert ikkje gjort offentleg.

Send inn forslag på nokon du meiner fortener prisen!