21.10.2016

Avleveringar veke 41 og 42

smola2.jpg

Dei to siste vekene er det avlevert 56,5 hyllemeter med arkiv til IKAMR.

Ørsta kommune kom med 16 hyllemeter ferdig ordna, registrerte og etiketterte boksar med morsmapper. Smøla kommune avleverte 30 hyllemeter som IKAMR skal ordne. Materialet består av morsarkiv, helsekort, vaksinasjonskort, saksarkiv frå helserådet, og personalarkiv. Kristiansund kommune avleverte 10,5 hyllemeter med byggesaksarkiv, som skal etiketterast ved IKAMR.