Arkivdagen 2017 ved IKAMR
Program for dagen:
Latinskolen (Ålesund Vidaregåande skole), auditoriet, kl 12.00 - 14.30.
12.00 - 12.05: Geir Håvard Ellingseter, dagleg leiar IKAMR
12.05 - 12.30: Gudmund Valderhaug, førstelektor ved Institutt for arkiv-, bibliotek og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus, «Kva er (det med) arkiv?».
12.30 - 13.15: Aina Basso, historikar og forfattar, «Frå tukthusfange til trollkvinne. Arkiv som kjelde til romanar».
Pause med kaffi og kaker.
13.30 - 14.00: Åge Brekk, leiar for sekretariatet for Oppreisningsordninga for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal, «Kva skjedde eigentleg? Korleis greie ut det barn og unge har opplevd attende i tid?».
14.00 - 14.30: Perry Ulvestad, assisterande rådmann i Rauma kommune og styreleiar IKAMR: «Innovasjon og digitalisering».
I Kirkegata 10b held vi ope 12 - 16. Her tilbyr vi:
Omvisning i arkivmagasina.
Vise korleis vi arbeider med digitalisering.
Hjelp til søk i fotodatabasar og slektsforsking.
Historia og jubileumsutstillinga til Møre og Romsdal Fotograflaug vil bli presentert i nettversjon (www.100år.no).
Ein liten smakebit frå arkivet etter Ålesundsfotografen Alf Dale, som vart fødd i jubileumsåret, blir stilt ut.
Velkomne skal de vere!