27.03.2015

Vibeke gjenvalt som leiar av Arkivarforeningen

ikamr_53954.jpg

Arkivarforeningen hadde vårseminar og generalforsamling for medlemane sine 24. og 25.mars. Her vart Vibeke gjenvalt som leiar av foreininga. Ho har vore i styret sidan 2011 og leiar frå 2013.

Arkivarforeningen er ei fagpolitisk foreining knytt til Forskerforbundet, som er medlem av Unio (Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna). Den har som formål å ivareta dei fagpolitiske interessene til medlemane sine.
Foreininga har ca. 160 medlemmer. Omtrent halvparten er tilsett i det statlege Arkivverket. Dei fleste andre er tilsett i andre statlege verksemder eller i kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar (fylkesarkiv, byarkiv og interkommunale arkiv).

I tilknyting til generalforsamlinga har ein kvart år også eit seminar. I år tok vi opp temaet ”Kvifor er arkivaren fråverande i den digitale arkivverda - og gjer det noko?” Arkivrolla er i endring. Frå å vere primært som eit vitskapeleg fag innanfor Riksarkiv og statsarkiv i skjeringspunktet mellom historie og arkiv, har mange i dag nye forventningar til arkivarane. Ein forsøkte på seminaret å belyse kva som er kjerneområde i faget og i kva grad dei er gyldige og bidreg til å løyse dei oppgåvene vi står ovanfor framover. Kan nye innsikter, spesielt innanfor IT og andre nye informasjonsfag erstatte arkivfagleg innsikt? Eller er det slik at dei nye faga fører til at viktig innsikt går i gløymeboka og gir redusert kvalitet på arkivarbeidet?

For dei fire arkivarane frå IKA som deltok på seminaret var det tydeleg at ein må få betre kommunikasjon mellom dei som driv med elektronisk depotarkiv og dei som driv med depot for arkiv skapt på papir. Dei ”tradisjonelle arkivarane” sit mellom anna på god kjennskap til offentleg forvaltning, struktur, konteksten informasjon er skapt i, gjenfinning og formidling av arkiv ut til brukarane. IT-arkivarane på si side sit på god kjennskap til systema og dei tekniske moglegheitene for å kunne lage innsynsløysingar som hentar ut informasjon for brukarar.

Også mellom depot og dei som driv med daglegarkiv i kommunane må kommunikasjonen bli betre. Det blei også kommunisert at arkivarar må få drive med arkiv, og at saksbehandlarar må ha større ansvar for arkivering.

Forfattar: Vibeke S. Lunheim