19.12.2024

Tildeling av arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket

Prosjektteam på utflukt til Fjellstua i Ålesund i høve besøk frå NTNU i Gjøvik i april 2024. F.v: Ottar A.B Anderson (SEDAK) , Giorgio Trumpy (NTNU), Piotr Cabaj (IKAMR) og Anne Tømmervåg (Fylkesfotoarkivet) Foto: Ottar A.B Anderson/SEDAK
Ottar A.B Anderson presenterer ved Digital Transitions Cultural Heritage Roundtable, New York City. Foto: privat Ottar A.B Anderson
F.v. : Eldar Høidal frå VITI / Møbelmuseet og Kenneth Staurset Fåne frå Romsdalsmuseet.

Arkivverket har fordelt arkivutviklingsmidlar for 2024. Rundt 1,5 av ein pott på 15 millionar går til prosjekt i Møre og Romsdal.

Arkivverket har tildelt kr 450 000,- til vidareføring av FoU-prosjektet "Metodeutvikling for mediekonvertering av bilder» for år 2. Føremålet med prosjektet er å utforske forslag for beste praksis for mediekonvertering av bilde (fotografi som i negativ- og positiv stillbilde på filmmateriale).

Prosjektet fokuserer på utvida bruk av teknisk metadata og bruk av oppdatert teknologi og metode. SEDAK, IKAMR og Fylkesfotoarkivet gjennomfører prosjektet som eit samarbeidsprosjekt.

NTNU i Gjøvik ved Institutt for datateknologi og informatikk ved Førsteamanuensis Giorgio Trumpy er ekstern bidragsytar.

Ottar A.B Anderson frå SEDAK presenterte om temaet teknisk metadata «Authenticity via Image Quality», ved konferansen Digital Transitions Cultural Heritage Roundtable i New York City, USA, i oktober 2024.

Lenke til meir informasjon om konferansen: https://heritage-digitaltransitions.com/roundtable-2024/

Direktelenke til videoopptak: https://vimeo.com/1027696708

I tillegg fekk to av regionmusea og ein kommune i fylket vårt utviklingsmidlar:

- Viti / Møbelmuseet med tildeling av kr 320 000 til prosjektet «Møbelhistoria synleggjort»
-
Romsdalsmuseet med kr 415 000 til første året i prosjektet «Rødsand Gruber A/S - Sikring, ordning og registrering»

Begge søknadane var funderte i bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal 2024-2027.

- Volda kommune har saman med Puzzlepart AS fått kr 249 000 til prosjektet «Arkivering av prosjekters beslutningspunkter».

Vi gratulerer!

Kategori
Foto
Privatarkiv
SEDAK