Samarbeid med Lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda
Studentgruppa er på masterutdanninga i samfunnsfag. Samhandlinga har gått føre seg i det digitale klasseromet i Canvas. Fredag 19. februar møttest vi for første gong fysisk. Denne gongen for å dekode handskrift i kjeldene vi har tilgjengeleggjort for studentane.
Høgskulebiblioteket, ved Elin Gundersen, deltok også. Hjå biblioteket finn studentane litteratur som kan gi dei bakgrunn for å forstå kjeldene.
Det var ein interessert og kjekk gjeng å vere i lag med.
Vi er spente på evalueringa frå studentane.
Tekst: Åsta Vadset