15.05.2015

Russeaviser i Møre og Romsdal

forside_1961.jpg

Russemarkeringa i Noreg skriv seg tilbake til 1700-talet, men den noverande russetradisjonen skriv seg frå 1905, og avgangselevar ved dei høgare skulane i Kristiania (Oslo) ikledde seg raude luer.

Den første russeavisa i Noreg blei utgitt i 1919. Tre år seinare kom den første russeavisa ut i Møre og Romsdal. Tittelen på det som truleg er den første russeavisa i Møre og Romsdal var Rus(s)-posten. Russeavisa i Kristiansund bestod av 8 sider i lite format og kosta 25 øre. Avisa kom i stand etter initiativ av Leif Jordal. I Ålesund kom den første raudrussavisa ut tre år seinare, i 1925. Den bestod også av 8 sider og kosta 25 øre, men var derimot i stort format. Molde var seinast ute med russeavisa i dei tre byane. 17. mai 1927 fekk også Moldensarane si eiga russeavis.

Den første blårussavisa i Noreg kom ut i 1931, og det skulle gå nokre år før ein i Møre og Romsdal gav ut russeaviser for blårussen. Den første blårussavisa kom ut i Volda i 1947, og heitte Blaa-Russ. Avisa var på 12 sider i stort format.

Russeavisene og russen har gjennom heile eksistensperioden mottatt kritikk for respektløyse og umoral. I mange år var russeavisene sensurert av rektor, medan russetalane og russeplakatane blei godkjende av politiet. Eit viktig føremål med å lage russeaviser dei første åra var å skaffe pengar til russefeiringa. Pengane gjekk blant anna til russeturar i dei andre byane i fylket.

IKA Møre og Romsdal har ikkje mange russeaviser i våre magasin. Dei fleste blir oppbevart på Nasjonalbiblioteket. Ålesunds off. høiere almenskole er den einaste av dei vidaregåande skulane som har avlevert russeaviser til oss. Vi har russeavis frå Ålesund for perioden 1946-1964. I samlinga ligg også eigne aviser for kristenrussen i fylket.

Ålesunds off. (høiere) almenskole blei oppretta i 1864, og låg i Kirkegata. Den opphavlege skulebygningen gjekk saman med viktig historisk dokumentasjon tapt under bybrannen i 1904. Skulen blei bygd opp igjen, og er i dag kjent på folkemunne som ”latinskolen”. Det eldste arkivstykket vi har i våre magasin er ein innskrivingsprotokoll frå 1876, men hovudtyngda av arkivet stammar frå etter brannen. I dag har skulen flytta til Fagerlia, og er betre kjent under namnet Fagerlia videregående skole.

IKA Møre og Romsdal har i anledning feiringa av grunnlova digitalisert nokre av avisene frå arkivet, som du kan lese. I russeavisene vi har digitalisert vil du sjå at det spriker frå reine vrøvlet til skriveføre gymnasiastar som har utfolda seg med aktuell samfunnssatire. Der fins også vitsar, presentasjon av russestyret og annonsar. Har russeavisene forandra seg? Har dei gått frå å vere samfunnsatiriske til å bli meir interne russeskrifter?

Kanskje var du russ i 1946, 1957 og 1961? Kanskje er du interessert i å sjå kven som sat i russetyret? Er det kjentfolk? Og kanskje er du interessert i avisa sin grafiske profil. Du kan også sjå kva bedrifter som reklamerte i avisene, og du kan mellom anna også lese godbitar om Hitler på Hakallestranda og kommunereforma mellom Ålesund og Borgund.

IKA Møre og Romsdal ynskjer deg ei riktig god 17. mai-feiring og god lesing!

 

Kjelder:

Skriftlege kjelder: 

Møre og Romsdal fylkeskommune. Ålesunds off. høiere almenskole. Russeaviser 1946-1964. IKA Møre og Romsdal

Internettsider:

http://www.moldebymuseum.no/ (sist besøkt 14.05.2015)

http://no.wikipedia.org/wiki/Russefeiring (sist besøkt 14.05.215)

 

Forfattar: Vibeke S. Lunheim

Kjelder digitalisert av SEDAK, Fylkessenter for digitasliering av kulturarven, v/Ronja Hasund.