Program og påmelding til Kontaktkonferansen 2022
Påmelding
Tid og stad: Scandic Hotell Kristiansund og Caroline kino- og konferansesenter onsdag 9. november til torsdag 10. november.
Fristen for påmelding er ute, men det er framleis mogleg å melde seg på.
Send e-post med namn, kommune og mengde deltakarar til postmottak@ikamr.no.
Overnatting bestiller de direkte med hotellet.
Årets arkivar 2022
Sidan 2017 har tildeling av prisen Årets arkivar vore ein fast del av kontaktkonferansen.
Kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal har mange arkivmedarbeidarar som utfører oppgåver som er grunnleggande for arbeidsgivarane. Alle fortener å kome meir fram i lyset. IKAMR ønsker å markere arbeidet som arkiv- og dokumentasjonsmedarbeidarar gjer ved å dele ut prisen Årets arkivar til ein person som har utmerka seg på ein eller fleire måtar.
Det kan vere nybrottsarbeid, å skape forståing for arkivdanning og dokumentasjon i organisasjonen, utføre godt arkivarbeid eller anna. Prisen har som mål å sette fokus på dette arbeidet og vise at godt og solid arbeid kombinert med nytenking og forståing for gode arkivløysingar vert sett pris på.
Tildeling av prisen skjer på grunnlag av nominasjon frå arkivmedarbeidarar og andre tilsette i kommunane og fylkeskommunen. Nominasjonen skal grunngivast.
Send nominasjon til postmottak@ikamr.no innan 21. oktober 2022. Nominasjonen vert handsama konfidensielt og namn på andre nominerte enn vinnaren vert ikkje gjort offentleg.
Send inn forslag på nokon du meiner fortener prisen!
Program (med atterhald om endring)
- DAG 1 - Scandic Hotell Kristiansund
-
11:00: Registrering opnar
11:30: Lunsj
12:15: Velkommen til Kontaktkonferansen 2022 i Kristiansund!
- Jesper Sode Hansen, dagleg leiar IKAMR og Marianne Rotvær, styremedlem og arkivleiar i Kristiansund kommune12:30: Status ved IKAMR og utsikt framover
- Jesper Sode Hansen og Andri Jonsson, IKAMR13.15: Pause
13:30: KDRS innsyn: Formidling av avslutta elektroniske arkiv
- Tore Fadnes, IKAMR14:00: Kommunesamanslåing - BK-plan og avlevering av elektroniske arkiv frå avslutta kommunar
- Tone Ski Blindheimsnes, Ålesund kommune14:45: Pause
15:00: Utviklingsstatus frå fagnettverket arkiv hos IKT ORKidé
Kathrine Tømmervåg, IKT ORKidé15:45: Pause med tid til nettverksbygging og besøk på stand
16:15: Gruppediskusjon
17:00: Avslutning fagleg del av dag 1
19:00: Felles middag, utdeling av prisen Årets arkivar 2022
- DAG 2 - Caroline kino- og konferansesenter
-
09:00: Arkivenes nytteverdi i historiske studier. Jakten på distriktslegen Søren Johan Hanssen
- Dan André Myrbakk-Velle, historikar og arkivar10:00: Pause
10:15: Paneldiskusjon: Digitisering for kassasjon
- Ordstyrer Vibeke Lunheim, IKAMR11:45: Lunsj
12:45: Helseplattformen frå eit arkivperspektiv
- Kjersti Kaasbøll, Helseplattformen13:30: Pause
13:40: Arkivpliktig informasjon i felles saksbehandlingssystem
- Jacob Haugmoen Handegard, Arkivverket14:30: Avslutning
Prisar
Konferanseavgift: 2400,-
Festmiddag: 800,-
(Kostnader for overnatting kjem i tillegg.)
Velkommen!