12.06.2024

Presentasjon ved 2and3D Photography-konferansen ved Rijksmuseum

Prosjektleiar Ottar A.B Anderson presenterer fyrste resultat i innlegget "Paradigm shift in the technical metadata structure?" ved 2and3D Photography-konferansen i slutten av mai. Foto: Bjarte Aarseth/Kulturhistorisk museum ved UiO
BETA-testing av ny teknologi frå Digital Transitions, USA F.v: Dániel Horváth (Digital Transitions) og Piotr Cabaj (IKAMR) under opplæring av utstyret i studioet til SEDAK i Ålesund. Foto: Ottar A.B Anderson/SEDAK
Prosjektteam på utflukt til Fjellstua i Ålesund i høve besøk frå NTNU i Gjøvik F.v: Ottar A.B Anderson (SEDAK) , Giorgio Trumpy (NTNU), Piotr Cabaj (IKAMR) og Anne Tømmervåg (Fylkesfotoarkivet) Foto: Ottar A.B Anderson/SEDAK

Resultat frå fyrste sprint i utviklingsprosjektet!

"Metodeutvikling for mediekonvertering av bilder» vart presentert ved den internasjonale 2and3D Photography-konferansen i Amsterdam, Nederland 29.-31. mai.

Ein sprint er ein del av SCRUM-rammeverket som er ein metodikk innan prosjektleiing og forsking der ein bryt ned arbeidet i mål som skal fullførast innanfor tidsboksar. Det er dette som blir omtala som sprintar.

Prosjektet som føremål å utforske forslag for beste praksis for mediekonvertering av bilete (fotografi som i negativ og positiv stillbilde på filmmateriale). Tilnærminga i prosjektet er gjennom utvida bruk av teknisk metadata, samt bruk av oppdatert teknologi og metode. Den amerikanske produsenten Digital Transitions leverte nyutvikla programvare og LED-lysutstyr som prosjektet BETA-testa med bruk av fotografiske samlingar frå Fylkesfotoarkivet med svært gode resultat.

NTNU i Gjøvik ved Institutt for datateknologi og informatikk er ekstern rådgjevar i prosjektet. Førsteamanuensis Giorgio Trumpy tilfører prosjektet rådgjeving om val av vitskapeleg metode. Trumpy blir sett på som ein av dei fremste ekspertane på fagfeltet internasjonalt. SEDAK, IKAMR og Fylkesfotoarkivet gjennomfører prosjektet som eit samarbeidsprosjekt basert på kunnskapsoverføring mellom dei ulike fylkeskommunale tenestene. Prosjektet er tildelt utviklingsmidlar frå Arkivverkets utviklingsmidlar i eit 2-årig prosjekt som går fram til og med mars 2026.

Den utvida bruken av teknisk metadata vil sikre ei truverdig framstilling av dei mediekonverterte originale arkivkjeldene. Det finst svært store mengder av denne type arkivmateriale i dei fleste arkiv rundt omkring i heile Noreg.

ABM-skrift #55 «Digitalisering av fotosamlinger» frå 2003 og ny utgåve frå 2009 er den einaste norske publiserte rettleiingspublikasjonen for fagfeltet. Det har skjedd svært mykje sidan 2009, både når det gjeld teknologi og metode, så behovet for oppdatering på fagfeltet er stor. Målsettinga med prosjektet er nettopp kunnskapsoverføring med heile fagfeltet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Aktiv formidling av funn og resultat i prosjektet vil bli presentert på konferansar og publikasjon av fagartiklar både på norsk og engelsk, og fyrst ut var presentasjonen ved 2and3D Photography-konferansen ved Rijksmuseum i Amsterdam.

Meir utfyllande informasjon om konferansen finn ein her:

https://2and3dmagazine.rijksmuseum.nl/2024/2and3d-photography-2024

 

Tekst: Ottar A.B Anderson, SEDAK

Kategori
SEDAK