På arbeidsveke hos IKA
Arbeidsveka er ein del av Kunnskapsløftet og skal gje elevane eit betre grunnlag for å velje utdanning og yrke. Thea har fått eit innblikk i korleis ei reell arbeidsveke er på IKA. Og det har som vanleg vore hektisk aktivitet på huset. Arbeidsoppgåver har vore mottak av arkiv, legge ut pressemeldingar og arrangement i nettstaden Kulturnett Møre og Romsdal og digitalisering av byggesaksarkiv. Hun har fått prøvd ut ulike interesser og kanskje blitt bevisst på eigne evner og anlegg.
Vi takkar for den flotte jobben Thea har gjort og ønskjer henne lykke til vidare, både med studiar og val av karriere!
Tekst: Jan Aakvik, Kulturnett Møre og Romsdal