06.10.2020

Ny sertifisering SEDAK

F.v.: Zane Aboltina, Piotr Cabaj og Ottar A.B. Anderson

Tre av dei tilsette ved SEDAK har tatt kurs i og bestått sertifiseringa DT Digitization Certification 201: Operator Training.

Dette er eit omfattandre kurs som går over tre heile dagar, med avsluttande eksamen innanfor digitalisering av arkivmateriale. Kurset har to modular og inneheld fleire tema både på utstyr, programvare og beste praksis. Kvalitetsanalyse innanfor den internasjonale ISO 19264-standarden og den amerikanske FADGI-standarden er ein stor del av kurset. Begge er i bruk ved SEDAK og IKAMR.

Sertifisering av alle dei som brukar Phase One-kamera og Capture One-programvare, sikrar at SEDAK og IKAMR kan yte på linje med topp verktøyskvalitet.

 

Kategori
SEDAK