22.01.2020

Ny metode for å sikre arkiv i kommunal sektor

Kurs ved IKA Rogaland. Foto: IKA Rogaland

Kommunar og fylkeskommunar sit på store mengder digitalt arkivmateriale som ikkje blir avlevert. Mykje av dette står i fare for å gå tapt. Ei ny produksjonsline gjer kommunane no i stand til å møte desse utfordringane.

«Den nye produksjonslinjen har medført besparelser, både i form av kroner og tidsbruk.»
Arkivleiar Sandnes kommune

Den nye metoden er utvikla av KDRS (Kommunearkivinstitusjonenes Digitale Ressurssenter SA) i samarbeid med Arkivverket. Produksjonslina skal gjere det enklare for kommunar og fylkeskommunar å avlevere og sikre arkivmateriale. Den skal effektivisere innhenting av eldre elektronisk skapte arkiv og blei utvikla med bakgrunn i det store etterslepet i kommunal og fylkeskommunal sektor.

Les meir om metoden hos Arkivverket

Kurs "KDRS Digitalt Depot" - Krever innlogging.

Kategori
Elektronisk arkiv