IKAMR sitt høyringssvar til forslaget til ny arkivlov
Lovforslaget fastset prinsipp, gjev rammer og legg overordna føringar for arkivarbeidet i offentlege organ. Nærmare og meir detaljerte reglar vil bli fastsette i forskrift.
IKA Møre og Romsdal meiner at høyringsnotatet til Kulturdepartementet verkar å vere grundig og godt gjennomarbeidd. Vi støttar intensjonen i lovforslaget om at arkivlova ikkje skal vere til hinder, men kunne stå seg i møte med den teknologiske utviklinga. Det er likevel viktig å fremme at arbeidet med forskrifta kjem raskt i gang då paragrafar i dagens arkivlov er uttekne, samtidig som at arkivlova og forskrifta heng tett saman.
Vedlagt finn du høyringssvaret til IKA Møre og Romsdal.
Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim