25.11.2020

IKAMR på medlemsmøte til Slekt og Data Søre Sunnmøre

Medlemsmøte Slekt og Data Søre Sunnmøre 24. november 2020 - Foto: Åsta Vadset, IKAMR.

Foreininga held møte ein gong i månaden. Då inviterer dei gjerne ein ekstern føredragshaldar.

Tirsdag 24. november var rådgjevar Åsta Vadset på besøk. Ho fortalde først om IKAMR. Deretter om kva kjelder vi oppbevarer som kan vere relevante for slektsforskarar. Dette gjorde ho med utgangspunkt i si eiga slektshistorie.

10 medlemmar hadde møtt fram ved biblioteket i Ulsteinvik, medan andre følgde presentasjonen via Teams.  

Slekt og Data Søre Sunnmøre si nettside.