26.10.2020

IKAMR i Surnadal kommune

Surnadal kommune v/f.v. Sigrid Janne Moen, Ingveig Nordvik-Bergstad og Randi Glærum og Torstein Skeide Olsen, IKAMR - Foto: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR

I forbindelse med at Surnadal kommune har hatt tilsyn i 2020 har kommunen bedt IKA Møre og Romsdal om å kome og gjere eit estimat for kva det vil koste å ordne papirarkiva deira.

Torstein Skeide Olsen og Geir Håvard Ellingseter var 21. oktober på synfaring i kommunen, hos NAV, sjukeheimen, teknisk, barnevern, arkivkjellaren med meir. Mange depot, mange arkiv! Bak oss på bildet ser vi landbruksarkivet til kommunen, som må ordnast kronologisk i godkjende boksar. Dette er ei av oppgåvene kommunen kunne tenke seg å sette oss til.

Vi takkar for ein hyggeleg dag, med gode innspel og tankar vidare.

 

Kategori
Eldre arkiv