23.11.2020

IKAMR i Hustadvika kommune

Besøk Hustadvika kommune - Foto: Tove Nypan, IKAMR

Hustadvika kommune og Elnesvågen var målet då representantane Vibeke Lunheim og Tove Nypan frå IKAMR besøkte arkivet måndag 16.11.2020.

Meininga med besøket var å finne mest hensiktsmessig satsingsområde for arkivet som har leigd inn ekstraressurs dei neste 6 månadane.

Arkivleiar, Elisabeth Sande Mathisen, var vert og viste fram dei mange ulike arkivromma. Nokre av desse har arkiv som ikkje krev altfor mykje arbeid før avlevering. Dette vil hjelpe på for å få betre arkivplass på sjølve kommunehuset. Andre arkiv krev meir arbeid, og her vil vidare kartlegging vere relevant.

 

 

Kategori
Eldre arkiv