Ferdig ordna papirarkiv frå Smøla kommune
Prosjektet handla om bistå kommunen med deponering av eldre og avslutta papirarkiv til arkivdepot, og å sikre at dei er tilgjengelege for framtida. Prosjektet stod ferdig like før årsskiftet 2024/2025.
I 2021 blei det inngått ein avtale mellom kommunen og IKAMR om å ordne, listeføre og katalogisere over 230 hyllemeter med arkivmateriale for deponering. Arbeidet starta hausten 2022, då IKAMR henta 190 hyllemeter arkiv frå kommunen. Dei siste arkiva vart pakka og sendt til IKAMR i desember 2023. Til saman blei over 250 hyllemeter deponert til IKAMR i uordna tilstand.
Arkiva spenner frå 1960-talet til 2000-talet og omfattar heile breidda av kommunal verksemd, som skular, kultur, teknisk sektor, landbrukssektor, helse- og sosialtenester og sentraladministrasjonen. No er alt materialet ordna og listeført, og katalog publisert på Arkivportalen.no.
Kataloginformasjon til deponert eldre arkiv frå gamle Edøy, Hopen og Brattvær kommunar skapt før 1960 er også tilgjengeleg på Arkivportalen. Der kan forskarar og andre interesserte få oversikt over deponerte papirarkiv frå Smøla kommune.
Vi takkar Smøla kommune for samarbeidet i prosjektet og ser fram til å gjere ferdig dei andre store kommunale ordningsprosjekta som vi har pågåande.