Ein kveld med Slekt og Data Ålesund
22 medlemmar av Slekt og Data Ålesund deltok på arrangementet. Etter ein felles presentasjon av selskapet vårt vart gruppa delt i to. Halvparten fekk vite meir om fotobasen og arbeidet med den, av fylkesfotoarkivar Anne Tømmervåg. Den andre halvdelen vart med rådgjevar Åsta Vadset på omvisning i magasinet. Deretter bytte gruppene plass. Til sist fekk dei oppmøtte kike nærare på kjelder som er relevante for slektsforskarar.
Nokre veldig kjekke timar i lag. Takk for besøket!
Tekst: Åsta Vadset, IKAMR
Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Ålesund