19.04.2024

Det 9. norske arkivmøte

Ottar Andre Breivik Anderson, leiar for SEDAK / IKAMR. Foto: Jesper Sode Hansen, IKAMR
Gudmund Valderhaug, prosjektleiar for bevaringsplanarbeidet i Møre og Romsdal / IKAMR. Foto: Kenneth Staurset Fåne, Romsdalsmuseet

Denne veka har vi deltatt på Det 9. norske arkivmøte. Det overordna temaet for årets konferanse var «Dokumentasjon i samtid og framtid».

Leiar for SEDAK, Ottar André Breivik Anderson, heldt innlegg om «Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet - eit innovasjonsprosjekt» på sesjonen «Arkivutviklingsmidlene – en katalysator for sikring av kulturarv og arkivinnovasjon» (Norsk Arkivmøte (mmevent.no) ). Og prosjektleiar for bevaringsplanarbeidet i Møre og Romsdal, Gudmund Valderhaug, heldt innlegg om «Utvalsprinsipp- og metode» på sesjonen «Bevaringsvurdering – makt, muligheter og fremtiden» (Norsk Arkivmøte (mmevent.no) ). 

Lærerike og inspirerande dagar med til saman 671 deltakarar frå heile landet. 

Lenke til programmet: Program - Norsk Arkivmøte (mmevent.no)

Kategori
Eldre arkiv