16.07.2024

Då turismen kom til Ørsta

Svendsengarden med sveitservillaen og hagen, mellom 1870 og 1880. Foto: Knud Knudsen, Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen

I siste del av 1800-talet oppdaga særleg engelske og tyske turistar dei norske fjordane og fjella, og Vestlandet vart eit ynda reisemål. I «Fremmedbok 1885–1901» frå Svendsen hotell ser vi registrerte gjestar frå England, Skottland, Amerika, Frankrike, Holland, Tyskland, Italia, og til og med Egypt og India.

Vi finn også kjende personar som Edvard Grieg, Alexander Kielland, Anders Hovden, Ivar Aasen, Betzy Kjelsberg (som for øvrig vert omtalt som den første kvinna på Kolåstinden), Kristoffer Randers og sjølvsagt fjellklatraren Charles Watson Patchel.

Webjørn Svendsen var fødd på garden Raunsgård på Geilo i 1753 (død 1829). Han var haugianar og kom til Ørsta i 1805 som handelsmann. Han var gift med Kari Eriksdatter (1757–1824). Dei kjøpte garden Vik. Sonen Erik Webjørnsen Svendsen (1793–1871) tok over etter faren. Og sonen til Erik, Webjørn Erikson Svendsen (1834–1899), etter han igjen. Det var Webjørn den yngre som bygde Svendsengarden i 1864. Hovudhuset var det første huset i sveitserstil på Sunnmøre og vart levert av trelastfirmaet Thams i Orkanger, delvis prefabrikkert. Dottera til Webjørn Erikson Svendsen, Henrikke Svendsen (1860–1940), overtok garden i 1883, og starta Svendsen hotell / Ørstenviken Hotell i 1885.

I ein artikkel i «Møre-Nytt» i 1954 fortalde Hanna Pedersen (f. 1869) om korleis det var å få utlendingar på besøk i den vesle bygda Ørsta:

«Dei var fine og snille folk, denne Svendsenfamilien, og me hev mange kjære minne um dei. Dei dreiv Svendsen hotell, og her var mange engelske turistar, dei lika seg på hotellet. Og her var familier som bodde her i fleire veker om sommaren. Den tid brukte dei store turistbåtane å kome inn her, og ei masse engelske gjekk i land. Dei skulle køyra over til Sæbø, og der gå om bord i den same båten som gjekk inn for å hente deim. Men dei stansa alltid på Svendsen hotell nokre timar, og «Dikka» kunne ein del engelsk, so ho kunne rettleide dei. Ein heil flokk gardbrukarar heromkring var møtt opp med hest og kjerre for å få seg ein jobb. Dei stod med hestane sine på den grøne vollen nedanfor Låna-løda. Me ungdomane stod som ein mur langs trillene og såg på utlendingane. Og hende det at det sat berre t.d. eit par spreke herrar i vogna, so kunne dei spyrja bort i flokken: «Can anybody speak english?» Der var alltid ein kvan som kunne svare so pass som: «Yes a little». So spurde dei vidare: «Would you like to take a drive with us?» Me svara: «Thenk you, very much,» - og so fekk me ein tur til Sæbø og inn på hotellet der ilag med dei».

At turistane trivdest ved Svendsen hotell ser vi godt av «Fremmedboka 1885–1901». Professor Ebenezer Pront, frå London, skreiv i 1889: «Our opinion of this place and of the hotel will be best shown by the fact that we came here intending merely to stop the night, and stayed more than a week. I can truly say that in seven years travelling in Norway this is the most comfortable hotel I have visited (…)».

Fleire tilbakemeldingar kan de sjølve lese i «Fremmedboka 18851901».

 

Kjelde: Svendsengarden: Tusenårsstaden i Ørsta. Svein Ose, 2007

Kategori
Privatarkiv