Bruk av Stadnamnarkivet for Møre og Romsdal
I den forbindelse har Arnfinn Kjelland bestilt materiale frå Stadnamnarkivet gjennom Arkivportalen til gjennomsyn på lesesalen. Ifølge Kjelland er; «Slike stadnamnsamlingar heilt uvurderlege i bygdebokarbeid. Ein får både geografisk plassering av bustadar som er borte (kanskje nedbygd under veg eller annan infrastruktur) og det språkleg sett korrekte namnet på dei. Berre synd at ikkje heile prosjektområdet for Rauma bygdebok er dekt like grundig.»
Uten at vi tenker over det, er vi dagleg omgjevne av namn på alle kantar. Rundt oss, der vi bur, kjenner vi førenamn og etternamn på folk, og vi veit namna på fjell, dalar, elvar, vatn, fjordar, øyar, gardar, bygder, tettstader, bustadfelt, vegar, busshaldeplassar, jernbanestasjonar, flyplassar, ferjekaier etc. (Peter Hallaråker). Innsamlinga vart gjort før mange av namna vart gløymde og har difor ein stor kulturhistorisk verdi.
Materialet frå stadnamninnsamlingsprosjektet I Møre og Romsdal, som Peter Hallaråker var leiar for, består av stadnamnlister og ØK-kart der namna er avmerka. I stadnamnprosjektet vart det samla inn 6200 namn frå Rauma kommune, men berre 2000 er dataførte. Det var Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda som hadde ansvaret for det viktige arbeidet i perioden 1985-1995. Over 200 000 namn vart samla inn.