24.06.2021

Besøk hos Ørsta vidaregåande skule

IKAMR ved Torstein Skeide Olsen i ferd med å pakke ned arkiv hos Ørsta vidaregåande skule - Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
IKAMR ved Egil Woldseth Hessen, Stine Hovdenakk og Torstein Skeide Olsen

I går 23.06.2021 tok vi turen til Ørsta for eit besøk hos Ørsta vidaregåande skule for å pakke ned arkiv som skal ordnast hos oss på ordningsprosjekt.

Dette var besøk nummer to til skulen dette året, i april var vi også hos dei for å lage eit kostnadsestimat for ordningsprosjektet.

Prosjektavtalen er no signert og vi var der denne dagen for å pakke ned dei om lag 41 hyllemetrane prosjektet vil bestå av. Vi tek sikte på å få arkivet inn til IKA i løpet av juli månad. Sjølve ordningsarbeidet for dette prosjektet vil starte rundt årsskiftet.

I anledning skulen sitt jubileum er det noko av materialet som framleis er veldig dagsaktuelt og i dagleg bruk. Dette vil skulen sjølv levere til oss seinare i haust når arbeidet med jubileet er over. Dette tilsvarar om lag 4 hyllemeter.

Vi takkar for eit hyggeleg besøk og ser fram til å starte på arbeidet.

Tekst: Torstein Skeide Olsen

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune