12.02.2016

Besøk frå Sekretariatet for Oppreisningsutvalet for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal

oppreisningsutvalget.jpg

I dag har IKAMR hatt besøk av og møte med Sekretariatet for Oppreisningsutvalet for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal.

Bakgrunnen for møtet er at IKAMR kjem til å spele ei sentral rolle i høve framfinning av dokumentasjon i sakene som skal opp for Oppreisningsutvalet. Åge Brekk er leiar for sekretariatet og Kari Rundmo er tilsett som sekretær. Informasjonssikkerheitsansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune, Eirik Jenssen, deltok også på møtet.