24.05.2023

Besøk av Arkivforbundet

Fotograf: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

I føremiddag har vi hatt besøk av ein kunnskapsrik og triveleg gjeng, nemleg styret i Arkivforbundet!

9 styremedlemmar og generalsekretær Kjetil Landrog er på rundtur i Møre og Romsdal, der dei besøker medlemsinstitusjonar i Arkivforbundet. På denne måten vert dei betre kjende med arbeidet vårt og utfordringane våre.

Her hos oss vart dei presenterte for selskapet av dagleg leiar Jesper Sode Hansen, arbeidet med kommunale arkiv av rådgjevar Andri Jonson, nestleiar Jan Aakvik fortalde om dei fylkeskommunale tenestene og privatarkivrådgjevar Åsta Vadset og fylkesfotoarkivar Anne Tømmervåg presenterte sine fagfelt. Til sist fekk dei sett på SEDAK sitt black box-studio med SEDAK-leiar Ottar A.B Anderson.

Vi takkar for besøket og ønsker velkomen tilbake ein annan gong!

På bildet f.v.: Monica Kurszus Håland, Knut Rødseth Kjosås, Ketil T. Jensen, Jan Tore Helle, Anne Tømmervåg, Jan Aakvik, Jesper Sode Hansen, Erland Ferrer-Pettersen, Ingebjørg Eidhammer, Stine Stennes Hovdenakk, Katja Nicolaysen og Ole Martin Rønning. Ståande bak f.v.: Åsta Vadset, Andri Jónsson og Kjetil Landrog.

Kategori
Eldre arkiv
Foto
Privatarkiv
SEDAK